Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta debatten! Ungdom og representasjon

Korleis blir du påverka av dagsordenen til media, og er sakene i dagens nyheitsbilete relevant for deg? Ungdom er ei gruppe som sjeldan slepper til i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet? Ta debatten med resten av klassen!
Glade ungdomar ser på mobiltelefonane sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman i grupper på tre. Gå inn på tre ulike nettaviser. Finn ut kva saker som står på dagsordenen.

1. Diskuter spørsmåla

  • Kva saker i dagens nyheitsbilete er relevante for dykk? Grunngi svaret, og vis til ulike saker.
  • Korleis blir de påverka av det som skjer i nyheitsbiletet no? Gå inn på ulike eksempel.
  • På kva måte pregar nyheitsmedia samtalane i vennegjengen din? Kom med konkrete eksempel.
  • Korleis er ungdom framstilt og representert i dagens mediebilete? Finn eksempel på saker der ungdom er intervjuobjekt.

2. Drøft spørsmålet under i gruppa

Ungdom er eit eksempel på ei gruppe som sjelden blir framstilt og representerert i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet?

  • Bruk fagomgrep når de diskuterer, ver saklege, og finn ulike argument til spørsmålet.
  • Noter ned argumenta i gruppa. Alle gruppemedlemmene skal delta i drøftinga.


3. Debatt på sosiale medium

  • Del synspunkta med resten av klassen i ei lukka gruppe på Facebook. Kvar gruppe skal dele minst tre ulike argument.
  • Ver saklege, og vis ytringsansvar!
  • Når alle gruppene har posta synspunkta sine, skal de studere argumenta i klassediskusjonen.
  • Blir spørsmålet belyst frå ulike sider, eller er det mange like argument?


Tenk over

Korleis kan du påverke meiningane og haldningane til resten av klassen gjennom argumenta du har lagt ut?



Bilete av ung jente som ser i kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Representasjon i media