Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmar av og med minoritetar

Det blir laga få filmar av filmskaparar med minoritetsbakgrunn. Forsking viser også at minoritetar er underrepresenterte på rollelista til norske filmar. I desse oppgåvene skal du drøfte ulike problemstillingar knytte til film og minoritetar.
Portrett av Iram Haq, filmregissør med norsk-pakistansk bakgrunn
Opne bilete i eit nytt vindauge

Minoritetar framfor og bak kamera

Ei undersøking utført av Norsk filminstitutt viste at minoritetar er underrepresenterte i dei fleste norske kinofilmane frå 2013–2018. Det var nesten ingen filmar der hovudrolleinnehavarane eller birolleinnehavarane var homofile, urfolk eller personar med funksjonsnedsetjing.

Norsk filminstitutt har konkludert med at den norske filmbransjen ikkje har vore flinke nok til å sleppe inn verken skodespelarar eller filmskaparar med minoritetsbakgrunn. I 2019 lanserte dei derfor ein eigen handlingsplan for å bidra til auka mangfald i norsk filmbransje.

Oppgåver

  • Kva for filmar kjenner du til som er laga av ein filmskapar med minoritetsbakgrunn?
  • Kvifor trur du det er få minoritetar som lagar film og få minoriteter som er med i filmane som blir laga?
  • Trur du handlingsplanen til Norsk filminstitutt vil bidra til meir mangfald i filmbransjen?
    • Kan du komme på andre tiltak?
  • Drøft: Kva for betyding har det at minoritetar er representerte både framfor og bak kamera?
    • Kor viktig er det for minoritetane sjølv?
    • Kva for rolle spelar det for resten av samfunnet?

Kilder

Norsk filminstitutt. (u.å). Hoved- og biroller i norske filmer: Nesten ingen er homofile, urfolk eller har funksjonsnedsettelse. Henta 5. desember 2019, frå https://www.nfi.no/aktuelt/2019/norske-filmer-nesten-ingen-er-homofile-urfolk-eller-har-funsjonsnedsettelse

Norsk filminstitutt. (u.å). Relevans. Publikum. Berekraft. Henta 5. desember 2019, frå https://www.nfi.no/dette-gjor-nfi/mandat-og-organisasjon/vi-styrer-etter/relevans.publikum.berekraft

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Representasjon i media