Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Superhelt eller offer?

Lag to reportasjar med ulik vinkling om ein person i nærmiljøet ditt som har nedsett funksjonsevne.
Mann i rullestol i gymsal med basketball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I nærmiljøet ditt finst det mange ungdommar med nedsett funksjonsevne. Nokre har nedsett rørsleevne. Nokre har svekt syn eller høyrsel. Kanskje er det ei elevgruppe på skulen din som har eit tilrettelagt undervisningstilbod? Eller kanskje veit du om eit bukollektiv for unge med nedsett psykososial funksjonsevne?

No har du moglegheita til å bli kjend med ein av dei!

Ta kontakt med ein ung person med nedsett funksjonsevne. Først må du sørgje for at de blir godt kjende. Fortel kva oppgåva di går ut på. Be òg om å få lov til å ta nokre bilete som du kan bruke i reportasjen.

Du skal deretter lage to reportasjar som er vinkla på ulik måte:

  1. I den første reportasjen skal du få fram kven personen er, og leggje vekt på alt denne personen meistrar i kvardagen.
  2. I den andre reportasjen skal du leggje vekt på alle utfordringane personen møter, og svakheiter ved det systemet som skal sørgje for at han eller ho får eit godt liv.

Lat gjerne personen du intervjuar, få lese gjennom tekstane dine og korrigere dei før du ferdigstiller reportasjane.

Dersom du ønskjer at andre enn læraren din skal lese reportasjane, må du be intervjuobjektet om lov.

Til ettertanke

  • Var det skummelt å ta kontakt med ein person med nedsett funksjonsevne? Kvifor? Kvifor ikkje?
  • Korleis trur du personen opplevde at du tok kontakt?
  • Kva for ein av dei to reportasjane meiner du er viktigast dersom du skulle ha publisert teksten i lokalavisa?

NB! Hugs å halde kontakten etter at du er ferdig med jobben.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Representasjon i media