Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

YouTube-innlegg om mediepolitikk for framtida

Den digitale medieutviklinga har dei siste åra ført til store strukturelle endringar for media. Demokratiet vårt er avhengig av ein mediepolitikk som legg til rette for mangfald i framtida. I denne oppgåva skal du lage eit YouTube-innlegg der du drøftar mediepolitikk for framtida.


Silhuetten av fire menneske som står samla rundt ein teikna planet der smarttelefonar og andre symbol går i bane. Illustrasjon.

Viss vi skal delta aktivt i samfunnet og den offentlege debatten, må vi bevare eit breitt og mangfaldig medietilbod, også i framtida. Mediepolitikken må leggje til rette for ytringsfridom og ein open og opplyst offentleg samtale i eit digitalt mediesamfunn.


Arbeidsoppdrag

Lag ein YouTube-video der du drøftar denne problemstillinga:

Demokratiet vårt er avhengig av ein mediepolitikk som legg til rette for mediemangfald, også i framtida. Korleis kan vi tilpasse mediepolitikken til mediebruken i framtida?

  • Du vel sjølv målgruppe for produktet.
  • Du kan bruke videoopptak av deg sjølv der du får fram ulike sider ved problemstillinga. Eller du kan velje å gjere opptak saman med andre og på den måten få fram ulike sider og argument.
  • Vis til varierte kjelder og konkrete døme. Skap interesse!
  • YouTube-innslaget skal ha ei varigheit på 5–7 minutt.

Framgangsmåte:


  1. Du kan anten jobbe individuelt med dette oppdraget, eller du kan samarbeide med éin eller to medelevar.
  2. Gjer research på temaet. Les vedlagde fagartiklar. Finn òg informasjon frå andre, sikre kjelder.
  3. Vel ei tydeleg vinkling.
  4. Medieproduktet skal vere opplysande og informativt, og problemstillinga skal gå som ein raud tråd gjennom heile innslaget.
  5. I medieproduktet må du vise til relevante kjelder. Kjelder kan til dømes vere videoklipp, skriftlege kjelder eller intervjuobjekt. Hugs å avklare rettar viss du skal bruke andre sine bilete eller videoopptak.
  6. Dramaturgi: Ver bevisst på oppbygginga av videoen. Ho skal vere tydeleg og formålstenleg. Hald på interessa til sjåaren. Bodskapen må kome klart fram.
  7. Teknikk: Ver bevisst på lydbruk, val av mikrofon, biletutsnitt og lysbruk.
  8. Avtal innlevering med lærar. Videoen skal vere klar til publisering på YouTube. Følg denne oppskrifta for å publisere ein video på YouTube.

Relatert innhald





CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi