Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reflekter over norsk mediepolitikk

I Noreg har staten ansvar for å gi alle borgarar tilstrekkeleg informasjon og reell ytringsfridom. Mediepolitikken skal leggje forholda til rette for det. Korleis kan norsk mediepolitikk sikre ein open og opplyst samfunnsdebatt? Og kva har dette å seie for deg som samfunnsborgar?
Ein gut og ei jente arbeider saman. Dei sit ved ein pult med bøker og ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Staten har eit overordna ansvar for å fremje ytringsfridom og demokrati ved å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale. Politikarane har ulike verkemiddel dei kan nytte for å sikre dette.

Gå saman i grupper på 3–4 elevar, og jobb med oppgåvene under.

A) Mediepolitiske mål

På kva måte legg desse mediepolitiske måla til rette for ein open og opplyst samfunnsdebatt?

  1. Staten skal sikre at befolkninga har tilgang til eit breitt utval av plattformer og ytringsmoglegheiter.
  2. Staten skal sikre at media er relevante for ulike grupper og miljø.

Reflekter rundt måla i gruppa, vis til konkrete døme, og trekk linjer til samfunnsrolla media har i Noreg.

B) Mediepolitiske verkemiddel

Kva verkemiddel innanfor mediepolitikk kan politikarane ta i bruk for å nå mål 1 og 2? Bør politikarane bruke verkemiddel innanfor økonomi, regulering eller prinsippet om allmennkringkasting? Grunngi svaret.

Korleis kan mediepolitikk påverke mediemangfaldet i Noreg (avsendar-, innhalds- og bruksmangfald)?

C) Ungdom og mediepolitikk

Diskuter desse spørsmåla:

  1. Korleis blir ungdom påverka av mediepolitikk?
  2. Korleis blir mediepolitikken påverka av mediebruken til unge?

Presenter ulike argument, og vis til konkrete døme.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi