Hopp til innhald

Fagstoff

Aviser og opplag

Du veit kanskje at lokalavisene har ei sterk stilling i Noreg. Men kvifor har dei det? Kva skjer med opplagstala for avisene? Og korleis ser avisene si framtid ut?
Aviser og nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tal aviser

Noreg er eit av dei landa i verda der det blir lese mest aviser. 8 av 10 les aviser på papir eller digitalt. Vi er òg det landet i verda som har flest aviser i forhold til folketalet.

Ved utgangen av 2019 kom det ut 218 papiraviser i Noreg, og avisene kom ut på heile 187 ulike stader. Det er 17 betalte nettaviser. Dermed er det totalt 235 betalte aviser i Noreg, noko som er ny rekord.

Spreiinga over heile landet er eit viktig kjenneteikn ved den norske avisstrukturen. Det at så mange les aviser, har ein verdi for fellesskapen, fordi det gir informerte borgarar. Og informerte borgarar tek betre val i kvardagen. Så langt er det lite som tyder på at papiravisene risikerer massedød.

Avistypar

Dette er dei viktigaste avistypane:

  • laussalsaviser – VG og Dagbladet (2 aviser)
  • storbyaviser – Aftenposten, Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad (4 aviser)
  • nr. 2-aviser, store byar – Dagsavisen, Bergensavisa (BA) og Rogalands Avis (3 aviser)
  • riksspreidde meiningsaviser – t.d. Klassekampen, Dagens Næringsliv (8 aviser)
  • lokale dagsaviser – t.d. Drammens Tidende, Fædrelandsvennen (46 aviser)
  • lokale dagsaviser, nr. 2 – iTromsø og Varden (2 aviser)
  • lokale 2–3-dagarsaviser – t.d. Bygdeposten, Rjukan Arbeiderblad (76 aviser)
  • lokale vekeaviser – t.d. Fjell-ljom, Hammerfestingen (69 aviser)
  • nasjonale fådagarsaviser – t.d. Morgenbladet, Dag og Tid (8 aviser)
  • betalte nettaviser – t.d. Nettavisen, Alvdal midt i væla (17)

Lokalavisene

Dei små lokalavisene har ein sterk posisjon i lokalsamfunnet og skal ha æra for at dei fleste kommunane i landet er dekte av minst éi lokalavis. Det ser vi ikkje minst i Hordaland, som har heile 27 lokalaviser, i Nordland, som har 17 lokalaviser, og i Møre og Romsdal, som har 19 lokalaviser. Denne sterke lokale mediesituasjonen er unik for Noreg i eit internasjonalt perspektiv.

Opplagstal

Det totale opplagstalet for aviser har hatt ei negativ utvikling sidan slutten av 1990-talet. Botnen blei nådd i 2016. Etter det har det samla opplagstalet gått opp. Den positive trenden kjem av sal av heildigitale abonnement.

Papiropplaget har fortsett å gå nedover

Opplagstala for VG og Dagbladet viser tydeleg nedgangen for papiravisene dei siste 20 åra. I 2002 hadde VG og Dagbladet eit papiropplag på 582 000 til saman. I 2019 var papiropplaget på 87 000.

Nettaviser

I 2019 hadde 191 papiraviser eigne nyheiter på internett (88 %), og dei fleste tek no betalt for desse nyheitene. Avisene har òg innført nye modellar for sal av abonnement: anten digitalt abonnement (e-avis og tilgang til lukka nyheitssaker) eller komplett abonnement (digital tilgang saman med papiravis).

I tillegg har vi fått fleire reine nettaviser med betaling. Den første kom i 2015 og var avisa Alvdal midt i væla. Sidan 2015 har vi ikkje fått nye lokale papiraviser. Det fortel oss at det er nye betalte nettaviser som er mest aktuelt.

Pandemien i 2020 og 2021

Pandemien har gitt avisene ekstra vekst. Det samla opplagstalet for siste halvdel av 2020 viser ein vekst på 3,4 %. Det reine papiropplaget har gått tilbake med berre 4 %, mot 13 % for same periode i 2019. Det digitale opplaget har hatt ein vekst på 12 %.

For første gong blei det selt fleire heildigitale abonnement enn komplette abonnement. Tala viser oss at mediebrukarar har tillit til redaksjonelle medium og valde å bruke aviser til å halde seg oppdaterte om pandemien. Dei har i stor grad lese aviser digitalt.

Korona og avisene si framtid

Det er alltid vanskeleg å spå om framtida. Men nokre tydelege trendar ser vi: Internett har kome for å bli. Det er ein overgang frå papir til digital publisering. Annonseinntektene går ned, og nye betalingsordningar har kome.

Pandemien har endra medievanane våre. Det digitale skiftet har auka tempoet, og vi har brukt meir tid på medium. Vi har vore meir heime, og vi har hatt større behov for informasjon. Dette har slått positivt ut for avisopplaget, ikkje minst digitalt. Lokalavisene har styrkt stillinga si ved at dei har vore tungt til stades under pandemien. Lokalavisene har på mange måtar fungert som leirbål i lokalsamfunn landet rundt.

Kjelder

Høst, S. (2020). Aviser og betalte nettaviser 2019. Rapport nr. 102/2020. Høgskulen i Volda. Henta frå https://medienorge.uib.no/files/eksterne_pub/avis%C3%A5ret-2019-Papiraviser%20og%20betalingsaviser%202019%20.PDF

Mediebedriftene. (2021). Pandemien ga ekstra vekst for norske medier – nå er flest abonnement heldigitale. Pressemelding 10.03.2021.
Henta frå https://www.mediebedriftene.no/artikler/2021/pandemien-ga-ekstra-vekst-for-norske-medier---na-er-flest-abonnement-heldigitale/

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi