Hopp til innhald

Fagstoff

Inntektskjelder og støtteordningar

I Noreg har vi offentlege støtteordningar som sikrar mediemangfald. Nokre medium får betydelege inntekter gjennom å distribuere reklame. Men analoge og digitale medieprodukt er noko vi som forbrukarar òg må vere villige til å betale for.
Norske aviser, kronestykke og den norske løva. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inntektskjelder

Inntekter frå abonnement og laussal

For papiravisene er salet (opplag) ei viktig inntektskjelde, anten via abonnement eller via laussal. Det gjeld spesielt for riksdekkjande aviser som Aftenposten, VG og Dagbladet. Inntektene frå abonnement og laussal har falle kraftig sidan toppåret 2002.

Mange nettaviser har betalingsmurar som gjer at berre abonnentar får tilgang til å lese innhaldet i sakene som blir publiserte. Andre nettaviser tek berre betalt for artiklar dei trur er svært attraktive for lesarane. Dei siste åra har inntekter frå heildigitale abonnement i avisene gått opp. Ikkje minst bidrog koronapandemien ein del til dette.

Inntekter frå produktsal og ikkje-journalistiske tenester

Kommersielle TV-kanalar tener pengar på sal av produkt. Det gjeld i hovudsak sal av kanalpakker (t.d. fotballpakker) og ulike strøymetenester.

Nokre mediehus tener òg pengar på ikkje-journalistiske tenester. Til dømes tener mediehuset Schibsted særs godt på Finn.no, ein norsk marknadsplass på nett som formidlar ulike typar annonsar og tenester for privatpersonar og bedrifter. VG får gode inntekter frå redaksjonelle tenester som Vektklubben.

Reklameinntekter

For både lokale og nasjonale kommersielle kringkastarar er reklame den viktigaste inntektskjelda. Fram til 2015 var reklame òg den viktigaste inntektskjelda for avisene. Dei siste tala frå Medietilsynet viser likevel at for både TV og radio, papiraviser og nettaviser går inntektene frå reklame nedover. Papiravisene har tapt mest.

Tapet av reklameinntekter, saman med skorten på gode betalingsløysingar i nettavisene, er noko av grunnen til at det har vore økonomisk vanskelege tider i avisbransjen i lengre tid. Dette har særleg råka journalistikken. Mange avisjournalistar har mista jobben som følgje av at eigarane må spare pengar. Men dei siste åra har lønsemda vore stabil, og fallet i driftsinntekter har stoppa opp. Det kjem som følgje av betre betalingsløysingar på nett og større betalingsvilje i befolkninga for slike tenester.

Noko av grunnen til at reklameinntektene til media søkk, er at avisene ikkje er like attraktive annonsestader som dei ein gong var. I dag har store digitale aktørar som Facebook og Google teke over mykje av marknaden, og i 2018 hadde desse to større reklameinntekter frå den norske marknaden enn det avisene hadde. Grunnen er at desse mellom anna kan sikre at annonsen når riktig målgruppe, i langt større grad enn det avisene nokon gong har kunna love.

På jakt etter nye inntektskjelder

I økonomiske nedgangstider er mange mediehus opptekne av å finne nye måtar å tene pengar på. Her er nokre døme på forslag:

  • innhaldsmarknadsføring
  • betalingsmurar for nettaviser
  • kjøp av enkeltartiklar i staden for abonnement på heile avisa
  • ikkje-journalistiske og redaksjonelle tenester (t.d. Finn.no og Vektklubben.no)
  • meir satsing kvalitetsinnhald som folk er villige til å betale for

NRK

NRK er i ei særstilling når det gjeld inntening. I 2020 blei NRK for første gong finansiert over statsbudsjettet. Den tidlegare NRK-lisensen blei fjerna, og utgiftene blir no dekte over skattesetelen. NRKs økonomiske ramme blir justert årleg med pris- og lønsveksten, minus eit effektiviseringskrav på 0,5 prosent (for åra 2020–2022).

Statlege støtteordningar

Statens overordna ansvar på mediefeltet er å fremje ytringsfridom og demokrati ved å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale, i tråd med § 100 i Grunnlova. På slutten av 1960-talet blei det innført statleg pressestøtte i Noreg. Dette var ei tid med mykje avisdød, og føremålet var å redde mindre aviser som elles ville gått dukken i konkurranse med store og pengesterke konkurrentar. Tiltaka var momsfritak og direkte produksjonstilskot, og målet var å halde mediemangfaldet ved lag.

Den opphavlege pressestøtteordninga var tilpassa ein mediesituasjon der papiravisene spelte ei særs viktig rolle. Men mediebiletet har endra seg sidan den gong. Med fleire radio- og TV-kanalar og nye, digitale medium har støtteordningane måtta bli endra.

For 2021 gjeld desse støtteordningane:

  • kompensasjon for tapte inntekter i samband med covid-19-pandemien

  • produksjonstilskot

  • innovasjons- og utviklingstilskot

  • støtte til medieforsking

  • støtte til lokale lyd- og biletmedium

  • støtte til samiske aviser

  • distribusjonstilskot til aviser i Finnmark

  • støtte til etterutdanning

Medietilsynet forvaltar dei ulike støtteordningane.

Kjelder

Medietilsynet (2020). Mediemangfoldsregneskapet 2020. Fredrikstad: Medietilsynet.
https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2020/mediemangfoldsregnskapet-2020/200224_mediemangfoldsregnskapet_avsendermangfold-2.PDF

Medietilsynet (2021). Økonomien i norske medier. Fredrikstad: Medietilsynet
https://www.medietilsynet.no/fakta/mediene-i-tall/okonomien-i-norske-medier/

Meld. St. 17 (2018–2019). Mangfald og armlengds avstand – Mediepolitikk for ei ny tid https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-17-20182019/id2638833/. Kulturdepartementet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Joachim Laberg, Trude Løvskar og Jan-Arve Overland. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi