Hopp til innhald

Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)

Akvakultur

Oppdrettsnæringa har hatt ei rivande utvikling sidan ein først starta med lakseoppdrett i slutten av 1960-åra. No vert produksjonen driven med avansert teknologi og krev høg kompetanse. Oppdrettsfisk er ei av Noregs viktigaste eksportartiklar, og ein leverer til mange internasjonale marknader.

Helse og velferd for fisk

For å sikra god fiskehelse må vi kjenna miljøkrava til dei ulike artane. Viss temperaturen vert for høg eller pH-en for låg, påverkar det korleis fisken trivst og veks. Oksygenmangel kan føra til akutt fiskedød. Vi må overvaka både fisk og miljø for å kunna setja inn tiltak når det trengst.

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk