Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utfordringa for oppdrettsnæringa

Diskuter: Korleis kan oppdrettsnæringa møta utfordringa med lakselus?

Filmen nedanfor er laga av ein kanadisk miljøorganisasjon, Watershed Watch. Han viser korleis lakselusa har vorte eit problem for økosystemet. Konklusjonen til filmen er at vi må slutta å eta oppdrettslaks.

Også her heime er det store diskusjonar om luseproblemet. Mange er uroa både for dyrevelferda i oppdrettsanlegga, for villaksen og for kva kjemikala som vert brukte til avlusing, gjer med havmiljøet.

Oppdrettsnæringa har mange motstandarar på grunn av dette. Korleis kan vi handtera luseproblemet slik at oppdrettsnæringa får retta på omdømmet sitt, og slik at vi kan driva lakseoppdrett på ein berekraftig måte?

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk