Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukdom og førebyggjande helsearbeid hos fisk

Kort fortalt er førebyggjande helsearbeid alt vi gjer for å redusere risikoen for at fisken skal bli sjuk, og for å auke sannsynet for at fisken skal ha god helse. God helse er naudsynt for god fiskevelferd.
Utsnitt av ein laksemerd, hav og ein hoppande laks over vasskorpa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er fiskevelferd?

Fiskevelferd er livskvalitet som oppfatta av fisken sjølv (Noble et al., 2018). Ein kan seie at føresetnadene for god fiskevelferd er at fisken meistrar omgivnadene sine, får utøve den naturlege åtferda si og har ei god helse.

Les meir: Velferd for fisk og andre vasslevande dyr (NDLA)

Kva er sjukdom?

I Store norske leksikon finn vi denne definisjonen på sjukdom: "Sykdom er en fellesbetegnelse på tilstander som kjennetegnes ved forstyrrelser i kroppens normale organiske eller mentale funksjoner og forandrer dem på en skadelig måte" (Roald, 2019).

Sjukdom er med andre ord noko som gjer at fisken ikkje fungerer som normalt. Det kan vere mange grunnar til at fisken blir sjuk. Han kan bli sjuk etter å ha vorte smitta med bakteriar, virus, parasittar eller sopp. Han kan òg bli sjuk fordi han ikkje får i seg riktig eller nok fôr, eller fordi miljøet han lever i, ikkje er godt nok. I tillegg kan fisken bli skadd av rovdyr. Nokre gonger er det vanskeleg å vite akkurat kva fisken blir sjuk av.

Kva avgjer om fisken blir sjuk eller ikkje?

Om fisken blir sjuk eller ikkje, avheng av desse tre faktorane:

  1. Fisken sjølv

    Ein svak, stressa fisk er meir utsett for å bli sjuk enn ein sunn, robust fisk som trivst.

  2. Miljøet fisken lever i

    Ulike ting ved drifta eller i miljøet kan stresse fisken og dermed gjere han meir utsett for sjukdom. Dette kan vere dårleg vasskvalitet, høg fisketettleik, dårlege vêrforhold eller handtering.

  3. Smittestoffet

    Alle smittestoffa er ulike. Om fisken blir sjuk av smittestoffet, avheng mellom anna av type smittestoff og mengde smittestoff.

Ein sunn fisk i eit godt miljø kan tole eit høgare smittepress. Dersom fisken blir stressa og miljøet er dårleg, treng derimot ikkje smittepresset vere så stort før fisken blir sjuk. Sjansen for sjukdom aukar dersom éin eller fleire av desse tre faktorane blir verre.

Kva kan vi gjere for å førebyggje sjukdom?


Trykk på smittesirklane og sjå kva vi kan gjere!

Smittevern

Smittevern er alt det vi gjer for å hindre smitte. Ein del sjukdommar smittar mellom fisk via vatn eller utstyr. Denne smitten kan reduserast gjennom gode smittevernande tiltak.

Smittevern er viktig for å unngå at smitte

  • kjem inn i anlegget
  • blir spreidd til fleire kar/merdar i anlegget
  • blir spreidd til andre anlegg

Som besøkjande på ein lokalitet bør du følgje lokaliteten sine eigne rutinar for hygiene og bruke lokaliteten sitt eige utstyr så langt det lèt seg gjere. Viss du har med eige utstyr, må du vaske dette etter besøket. Dette gjeld klede, sko, hjelmar og andre gjenstandar du har teke med deg inn på anlegget.

Oppgåve: Trekk omgrep til riktig forklaring

Hugselappen

  • Sjukdom er eit samleomgrep på tilstandar der kroppen til fisken ikkje fungerer som normalt.
  • Forhold ved fisken sjølv, miljøet han lever i og dei smittestoffa som finst der, bestemmer om fisken blir sjuk eller ikkje.
  • Smittevern er viktig for å hindre smitte mellom anlegg og mellom ulike kar/merdar.


Kjelder

Roald, B. (2019, 14. august). Sykdom. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/sykdom

Noble, C., Nilsson, J., Stien, L. H., Iversen, M. H., Kolarevic, J. og Gismervik, K. (Red.). (2018). Velferdsindikatorar for oppdrettslaks: Hvordan vurdere og dokumentere fiskevelferd. https://nofima.no/wp-content/uploads/2016/06/velferdsindikatorer-for-oppdrettslaks-2018.PDF

CC BY-SASkrive av Maia Hoff.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2020

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk