Hopp til innhald

Fagstoff

Bakteriar og erkebakteriar

Domena bakteriar og erkebakteriar består av organismar som manglar ein avgrensa cellekjerne. Dei blir kalla prokaryotar.
Trediagram bygd opp av ellipsar med bilete av ulike organismar. Diagrammet er delt i to farga felt: Det grøne inneheld prokaryotar (bakteriar og erkebakteriar), og det blå inneheld eukaryotar (planteriket, dyreriket, soppriket, urdyrriket, slimriket, det gule riket). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prokaryotane manglar cellekjerne

Prokaryotane blir kjenneteikna ved at dei ikkje har ein cellekjerne som er avgrensa av ein membran. Prokaryotane omfattar domena

  • bakteriar
  • erkebakteriar

Prokaryotane i dei to domena skil seg like mykje frå kvarandre som frå eukaryotane. Vi finn likevel alle formene for hos begge domena, både , og . I tillegg formeirar prokaryotane seg vanlegvis ukjønna ved deling.

Bakteriar

E. coli-bakteriar. Foto.

Bakteriar er mikroskopiske, eincella og prokaryote organismar.

  • Dei fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan.
  • Dei kan leve enkeltvis, parvis eller i koloniar.
  • Mange beveger seg ved hjelp av .
  • Dei finst i all verdas , også inni og på menneske.
  • Mange forårsakar sjukdom, andre er livsnaudsynte.
  • Dei er viktige i ulike kommersielle prosessar, som i næringsmiddelteknologi og bioteknologi.
  • Dei gjer ein viktig jobb i naturen ved å gjere næringsstoff tilgjengelege etter nedbryting.

Erkebakteriar

Svart røyk strøymer ut frå havbotnen. Foto.

Erkebakteriar er til liks med bakteriane mikroskopiske, eincella og prokaryote organismar.

  • Dei liknar veldig på bakteriar når vi ser på dei i mikroskop, men både genetisk og biokjemisk skil dei seg frå bakteriane.
  • Dei finst hovudsakleg der andre organismar ikkje klarer å leve (til dømes i vatn med svært høgt saltinnhald og i varme kjelder).
  • Dei er oftast .
  • Nokon erkebakteriar omset hydrogengass og karbondioksid til metan (metanogene erkebakteriar). På denne måten er dei uavhengige av solinnstråling og livet på jordoverflata.


CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Systematikk