Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fylogeni til klassifikasjon

Tidlegare blei slektskapen mellom organismar i stor grad vurdert ut frå utsjånaden. Men tilgang til molekylære data og nye måtar å analysere dei på har gitt oss ny kunnskap om slektskapsforholda, og derfor må vi rydde i mange familiar.
Trediagram med ulike plantar grupperte ved greinene. Snylterot, myrklegg, augetrøyst og marimjelle er grupperte saman; gjøglarblom står for seg sjølv; tvitann, jonsokkoll, krossknapp og då er grupperte saman; brunrot og kongslys er grupperte saman; kjempe, veronika, revebjølle og torskemunn er grupperte saman; og tøffelblom står for seg sjølv. Fargemarkering viser at myrklegg, augetrøyst, marimjelle, gjøglarblom, brunrot, kongslys, veronika, revebjølle, torskemunn og tøffelblom tidlegare høyrte til maskeblomsterfamilien; at kjempe tidlegare høyrte til kjempefamilien; at snylterot tidlegare høyrte til snylterotfamilien; og at tvitann, jonsokkoll, krossknapp og då høyrer til leppeblomsterfamilien. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rydd opp i plantefamiliane

Slektskapstreet over er ei forenkla utgåve av dei slektskapsforholda vi i dag (basert på molekylære data) meiner at eksisterer innan ein planteorden som heiter Lamiales. Denne ordenen inneheld mellom anna familiar som leppeblomsterfamilien (Lamiaceae), snylterotfamilien (Orobanchaceae), den gamle maskeblomsterfamilien (Scrophulariaceae) og kjempefamilien (Plantaginaceae). Som figuren viser, er slektene i den gamle maskeblomsterfamilien spreidde over heile treet.

  1. Kva slags type gruppe (monofyletisk, parafyletisk, polyfyletisk) representerer den gamle maskeblomsterfamilien? Kvifor kan vi ikkje behalde denne som ein familie lenger?
  2. Kva fortel dette slektskapstreet om dei karaktertrekka som tidlegare blei brukte til å avgrense maskeblomsterfamilien? Korleis kan ein bruke slektskapstreet til å finne nye slike karaktertrekk?
  3. Kva slags type gruppe (monofyletisk, parafyletisk, polyfyletisk) representerer leppeblomsterfamilien? Kva betyr dette for behovet for å gjere eventuelle endringar?
  4. Tenk deg at du skal foreslå nye plantefamiliar basert på slektskapstreet over. Set biletet med slektskapstreet inn i eit dokument, bruk teikneverktøyet, og prøv å lage nye familiar ved å setje ring rundt dei slektene (representerte ved bilete) du vil ha i same familie. Finn fleire moglege løysingar. Kva er fordelar og ulemper ved dei ulike løysingane?
  5. Føreslå både norske og vitskaplege namn på dei nye familiane "dine". Sjå oversikt over tydinga til vitskaplege namn på Biologiportalen.
  6. I faglitteraturen snakkar ein om Scrophulariaceae "s.str." og "s.lat.", det vil seie i snever og vid forstand. Kva trur du dette betyr? Kvifor er disse nemningane viktige, trur du?
  7. Kva trur du ligg bak tittelen på Lars Saabye Christensen sin roman Maskeblomstfamilien? Trur du det er ei botanikk-bok?

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2021

Læringsressursar

Systematikk