Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av nøklar

Nokre gonger er det ikkje nok å sjå på bileta i eit oppslagsverk for å bestemme kva art du har funne. Då må du ta i bruk nøkkelen i oppslagsverket. Her får du rettleiing i korleis du kan bruke slike nøklar.
Mange ulike lyngartar samla i ein tabell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk nøklar for å få oversikt

Jente ser i stereolupe. Foto.

Det finst over 15 000 kjende insektarter i Noreg, nesten 8000 soppartar og nesten 3000 karplantearter. Ingen har oversikt over alle desse, men heldigvis er det hjelp å få. Ein flora er ei oversikt over planteartane i eit geografisk område (til dømes Noreg) eller ein bestemt levestad (til dømes ein fjellflora). Slike oversikter finst det òg over mellom anna insekt, fuglar, sopp og mosar både i bokform og på nett. Dei inneheld illustrasjonar, artsbeskrivingar og ofte nøklar.

Bestemmingsnøklar

Ein enkel flora sorterer plantane etter blomsterfarge (raud, gul, kvit, blå) eller etter veksestad (fjell, myr, skog, åker, vegkant). Her blir ein art bestemt ved hjelp av denne grovsorteringa og samanlikning med illustrasjonar og beskrivingar. I ein meir vitskapleg flora er plantane samla i slekter og familiar. I ein slik flora finst det gjerne ein bestemmingsnøkkel. Det er eit hjelpemiddel for å forenkle artsbestemminga av ein organisme eller for å finne eit høgare nivå, til dømes slekt eller familie. Val av alternative karaktertrekk gjennom fleire trinn i nøkkelen fører til målet.

Éin eller fleire inngangar

Horisontalt flytdiagram med geometriske figurar: På første trinn vel du anten avrunda form eller mangekant. Uansett kva du vel, består neste trinn av valet mellom symmetrisk og asymmetrisk. På trinnet etter vel du geometrisk figur, og på siste trinn vel du anten raud eller gul farge. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst ulike typar bestemmingsnøklar, og dei tradisjonelt mest brukte har éin inngang ("single-access keys"). Trinna i bestemmingsnøklane har ei bestemt rekkjefølgje, og det finst ingen alternative startpunkt i nøkkelen. For kvart trinn er det vanlegvis to alternative karaktertrekk (togreina/dikotom nøkkel), som helst er gjensidig utelukkande, som fører vidare til neste trinn.

Ein nøkkel kan òg ha fleire alternativ for kvart trinn (fleirgreina/polytom nøkkel). I nøklar med berre éin inngang stoppar prosessen av og til opp fordi objektet som blir nøkla, ikkje har dei naudsynte karaktertrekka.

Horisontalt flytdiagram med geometriske figurar: På første trinn vel du anten form utan kantar, form med tre kantar eller form med fire kantar. På trinnet etter vel du geometrisk figur, og på siste trinn vel du anten raud eller gul farge. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planten som skal bestemmast, kan til dømes vere utan blomster eller frukt, og då kjem ein ikkje vidare i nøkkelen dersom dette er karaktertrekk det blir spurt etter.

Det blir stadig vanlegare med nøklar som har fleire inngangar ("multi-access keys"). Her bruker ein dei karaktertrekka ein har for handa, ved å mate dei inn i til dømes eit dataprogram, som så gjer jobben med å sortere bort dei alternativa som ikkje passar.

Utfordringar

Du treng ofte ein viss basiskunnskap når du skal bruke ein nøkkel – eller "nøkle", som det òg blir kalla. Ein nøkkel inneheld gjerne faguttrykk, og du må vite kva du skal sjå etter. I dei fleste oppslagsverka av denne typen finst det ei ordliste med viktige karaktertrekk og faguttrykk.

Det er ikkje alltid klare skilje mellom alternativa i eit gitt punkt i nøkkelen, og ein kan derfor av og til velje feil. Dette kjem mellom anna av at artane varierer meir enn det ein flora, og spesielt ein nøkkel, kan få fram.

I andre tilfelle kan karaktertrekka som blir brukte, vere vanskelege å få auge på. Det kan til dømes vere naudsynt å bruke lupe. Nokre artar er dessutan vanskelege å skilje frå kvarandre.

Dersom ingen av alternativa i ein nøkkel stemmer, er det som regel eit teikn på at du har valt feil alternativ på eit av trinna før. Men det kan òg vere at du nettopp har gjort eit nytt og spennande funn!

Nøkkel over lyngfamilien

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Systematikk