Hopp til innhald

Fagstoff

Namnsetjing

Det er viktig å kunne kommunisere om biologisk informasjon på tvers av landegrenser. For å unngå misforståingar er det nødvendig at alle artar og organismegrupper har unike namn. Alle artar og organismegrupper får derfor vitskaplege namn som følgjer internasjonale reglar for namnsetjing.
Utdøydd papegøyeart sit på ei grein. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nomenklatur – reglar for namnsetjing

Forsking går føre seg i alle delar av verda og på alle språk i verda. For at vi skal kunne kommunisere om biologisk informasjon, er det viktig at det eksisterer ei universell forståing av kva artar eller andre organismegrupper det blir snakka om. Nomenklatur handlar om reglane for namnsetjing av artar.

Binær nomenklatur – todelt namn

Uer, ein raudleg fisk med piggete ryggfinne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vitskaplege språket som vanlegvis blir brukt til namnsetjing av artar, er latin (men òg nokre gonger gresk). Årsaka til det er at latin blir rekna som eit dødt språk som derfor ikkje er i endring. Artane får namn etter det som blir kalla binær nomenklatur. Dette inneber at dei får eit slektsnamn og eit artsnamn, altså eit toledda (binært) namn, som saman er unikt for ein gitt art. Slektsnamnet blir skrive med stor forbokstav, mens artsnamnet blir skrive med små bokstavar. I tillegg skal det vitskaplege namnet skrivast i kursiv.

Her er eit døme på nomenklatur vist med to artar innan same slekt:

Namnsetjing av kråke og ramn

slektsnamn

artsnamn

norsk namn

Corvus

corone

kråke

Corvus

corax

ramn

Kollasj med kråke og ramn. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Namnet på den personen (forfattaren) som først sette namn på arten, blir kalla autornamnet. Dette blir forkorta og sett etter det vitskaplege namnet til arten, slik som i det vitskaplege namnet til kjøttmeis: Parus major L. Her står L for Carl von Linné. Autornamnet blir som oftast brukt i spesiallitteratur som florabøker.

Det var Linné som starta med dette einskaplege og logiske systemet for namnsetjing av organismar. Før Linné var artane namngitte på så mange ulike måtar og språk at det var bortimot umogleg å kommunisere på tvers av landegrenser. I tillegg til dei vitskaplege namna blir det jobba med å lage godkjende norske namn på norske artar. Artsdatabanken (gjennom Artsnavnebasen) er den offisielle forvaltaren av tilrådde norske namn.

Namnet beskriv organismen

Nærbilde av rosakvit blomster, ein linnea. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vitskaplege namnet til artane har som oftast ei meining, sjølv om nokre av dei er vilkårleg laga. Namnet til arten kan vere gitt av veksestaden eller utsjånaden til arten, men nokre gonger er namnet ei oppkalling etter oppdagaren eller personar som har hatt betydning for arten.

Eit døme er blomsteren linnea. Det vitskaplege namnet til denne blomsteren er Linnaéa boreális, og det kjem av at Carl von Linné var særs begeistra for denne blomsteren, og at han veks i nordlege område.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Systematikk