Hopp til innhald

Fagstoff

Hygiene før og no

Opp gjennom historia har både tilfeldige oppdagingar og systematisk forsking ført til auka kunnskap om samanhengen mellom hygiene og helse.
To gutar vaskar seg med vaskevassfat og klut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Een gang om Ugen maa Føder og Hals vaskes, enten i koldt eller lunkent Vand; og Børn må lige fra Fødselen til deres fjerde Aar, een gang om Ugen, helst Løverdags Aften, vaskes over det hele Legeme."
(D.C. Danielsen, 1854)

I dag har vi mykje kunnskap om kor viktig god hygiene er. Dette lærer vi allereie som barn. Vi lever i eit informasjonssamfunn som inneber at kunnskap blir formidla på ulike måtar og når raskt ut. Dette betyr mykje for helsetilstanden i heile samfunnet, og det påverkar yrkesutøvinga i helse-, sosial- og oppvekstsektoren.

Portrett av Ignaz Semmelweis. Foto.

Kunnskap og folkeopplysning

Allereie på 1700-talet var folk klare over at det fanst organismar som var så små at ein ikkje kunne sjå dei med auga. Samanhengen mellom bakteriar og sjukdom vart likevel ikkje kjend før på slutten av 1800-talet. Kunnskapen førte til at ein forstod korleis ein kunne behandle og førebyggje smittsame sjukdommar.

I Noreg har ein drive systematisk folkeopplysning om samanhengen mellom hygiene og helse. Offentlege styresmakter har sytt for informasjon til befolkninga, og både skulen, helsesektoren og ulike organisasjonar har vore viktige i dette arbeidet. I det moderne informasjonssamfunnet bidreg òg media til at tileignar oss ny kunnskap. Stadig høgare levestandard har òg vore viktig for helsetilstanden til folk flest i Noreg.

Portrett av Eilert Sundt. Illustrasjon.

Vasking, reinhald og det viktige vatnet

Det har ikkje alltid vore vanleg å vaske hus, kropp og klede like ofte som vi gjer i dag. Tilgang på varmt og kaldt vatn var ikkje vanleg før på slutten av 1900-talet. I 1948 viste ei undersøking at 800 000 personar i Noreg ikkje hadde innlagt vatn. Det betydde at ein måtte bere vatnet – somme over lange avstandar.

Tilgang på vatn bestemte om ein vaska huset ein gong i året, slik folkelivsgranskaren Eilert Sundt beskriv det frå 1869, eller kvar laurdag. Såpe var òg mangelvare for mange, og ho var kostbar ettersom feittet som skulle til for å lage såpe, var mangelvare.

Teknologisk utvikling: Vaskemaskiner

Vask av klede var ein tung jobb som vanlegvis vart gjort av kvinner. Utan varmt vatn og vaskemiddel var det langt ifrå like lettvint som det er å setje på ei vaskemaskin i dag.

Kvinne vaskar klede i eit hol i isen i ein bekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klesvask i elva eller på eit vaskebrett var eit av dei mange tunge gjeremåla i eit hushald. I dag har dei fleste hushalda ei eiga vaskemaskin, og det er ikkje lett å forstå det slitet som tidlegare måtte til for å vaske klede. Elektrisitet var ein føresetnad for å bruke vaskemaskin. I 1920 hadde to tredjedelar av norske hushald innlagt straum, og dei første vaskemaskinene vart prøvde ut i Noreg i 1933.

Renovasjon og avfallshandtering

Handtering av avfallsprodukt er ei nødvendig samfunnsoppgåve og ein viktig del av det førebyggjande helsearbeidet.

Velstandsutviklinga har ført til at vi produserer stadig meir avfall. Handtering av avfall har i dei seinare åra vore gjennom ei utruleg utvikling, og i dag har vi god kunnskap om korleis vi skal handtere og kjeldesortere avfallet vårt. Det er i hovudsak kommunane som har ansvar for renovasjon.

Slik har det ikkje alltid vore. Frå 1600-talet til 1800-talet vart "uverdig avfall" fjerna. Dette vart gjort av ei gruppe yrkesutøvarar som vart kalla nattmenn. Om natta tømde dei utedoar, dei grov ned lik etter sjølvmord og avretta menneske og dei tok livet av lauskattar og -hundar. Nattmannen hadde ein eigen lagerplass for avfallet, og lagerplassen førte med seg både stank og møkk. I samband med sunnheitslova av 1860 vart renovasjon ein del av det førebyggjande helsearbeidet. Søppelhandtering vart ei kommunal oppgåve, og etter kvart vart det organisert kommunale løysingar.

I dag er handtering av ulike typar avfall regulert gjennom lover og forskrifter, og gjenvinning av avfall og kjeldesortering er ein viktig del av renovasjonsordninga. I motsetnad til korleis ein i tidlegare tider deponerte eller "gøymde" avfall, blir avfallet i dag destruert eller brukt i nye produkt. Det er òg ein del av dagens renovasjonspolitikk å redusere mengda avfall som vi produserer.

Frå laugardag med stampbad til dagleg dusj

Dagleg dusj er vanleg for dei som er unge i dag. Velstandsutviklinga har ført til at alle har innlagt bad og god tilgang på såpeprodukt. Generasjonen som er pensjonistar i dag, opplevde ikkje dette som barn, og dei kan derfor ha andre vanar for personleg hygiene.

Utover 1900-talet vart utedo erstatta med vassklosett, WC.

Vassklosettet kunne verke både enkelt og hygienisk, men ein hadde ikkje tenkt over dei moglege konsekvensane for miljøet. I byrjinga vart derfor kloakken sleppt ureinsa ut i sjø eller vassdrag. Sjølv om det etter kvart vart bygt reinseanlegg (reinseanlegget i Oslo vart bygt i 1910), har slam frå desse anlegga ført med seg forureining av sjø og vatn. For den enkelte har likevel overgangen frå utedoar eller byttedoar som måtte tømmast, til WC, ført til større grad av velvære og lokalt betre hygiene.

Spytting og spreiing av smitte

Vi veit at smittestoff blir spreidde blant anna gjennom spytt. I kampen mot sjukdommen tuberkulose, vart det lagt stor vekt på å informere om smittefaren ved spytting.

På 1950-talet fekk skuleelevar opplæring i smittefaren ved å spytte, og det vart lagt ned forbod mot å spytte på skulen. Fleire stader stod det spyttebakkar som særleg menn som brukte snus, kunne spytte i. Risikoen for at dette kunne medføre smitte av sjukdommar som til dømes tuberkulose, var så stor at spyttebakkane vart fjerna.

Utfordringar til deg

  1. Les Wikipedia-artikkelen om dr. Ignaz Semmelweis, og diskuter i klassen korleis oppdagingane hans påverkar arbeidet med å førebyggje smitte i dag. Kva kan vere grunnen til at nokon òg i dag slurvar med handvasken trass i denne kunnskapen? Diskuter i klassen.
  2. Tenk over kva du bruker vatn til i løpet av ein dag? Kor kjem dette vatnet frå? I kva for situasjonar er det nødvendig at vatnet er heilt reint for at du skal unngå å bli smitta av uønskte mikroorganismar? Gå inn på sida til Folkehelseinstituttet og sjå kva krav ein stiller til vatn i dag.
  3. Styresmaktene og andre har hatt ulike kampanjar om hygiene og smitte. Finn døme på slike kampanjar. Kvifor blir slike kampanjar sette i verk i dag?
  4. I dag er det ikkje uvanleg å dusje dagleg. Generasjonen før oss kunne ikkje dusje kvar dag. Diskuter i klassen fordelar og ulemper med dagleg dusjing samanlikna med dusj eller karbad éin gong i veka.

Kjelde

D.C. Danielsen. Den spedalske Sygdom, dens Aarsager og Forebyggelsesmidler. Et Folkeskrift. Bergen 1854

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Grunnleggjande hygiene