Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebygging av smitte

Kunnskap om hygiene og smittevern er viktig for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar i befolkninga. Som fagarbeidar må du følgje hygieniske retningslinjer og rettleie brukarar av helse- og oppveksttenester om tiltak for å bryte smittekjeda og hindre smittespreiing.
Handvask. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein film eller ei anna form for digital presentasjon som skal delast med resten av klassen. De vel sjølv presentasjonsform.

Oppgåve 1: Smittekjeda

  1. Fortel om dei ulike ledda i smittekjeda og korleis dei heng saman.
  2. Korleis går smittespreiinga føre seg?
  3. Kva skjer viss kjeda blir broten, og kva skjer viss ho ikkje blir broten?
  4. Kva skjer dersom mange i ei befolkning vel å ikkje vaksinere seg eller unngår å følgje hygieniske retningslinjer?

Oppgåve 2: Smittestoff

  1. Gjer greie for alle dei ulike mikroorganismane (smittestoffa) som framkallar sjukdom. Bruk døme for å forklare.
  2. Forklar omgrepet resistens og kva konsekvensane er av resistensutvikling.

Oppgåve 3: Førebygging av smitte

Korleis førebyggjer vi dei ulike formene for smitte?

  1. Kontaktsmitte
  2. Luft- og dropesmitte
  3. Blod- og vevssmitte
  4. Smitte frå tarm til munn
  5. Smitte frå mat og vatn
  6. Mor til barn-smitte

Oppgåve 4: Handhygiene

  1. Demonstrer korrekte prosedyrar for handvask og handdesinfeksjon.
  2. Når skal vi velje handvask, og når skal vi velje desinfeksjon?
  3. Til kva arbeidsoppgåver skal du bruke eingongshanskar, og kvifor?

Relatert innhald

Antibiotikaresistens vil seie at bakteriar blir motstandsdyktige mot antibiotika. Dette er ei av dei største utfordringane innan moderne medisin.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2022

Læringsressursar

Grunnleggjande hygiene