Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor hygiene?

Ordet hygiene kjem av det greske ordet hygieia, som betyr «sunn». Vi blir dagleg utsette for mikroorganismar som kan gjere oss sjuke. Derfor er det viktig å byggje opp og halde ved like eit godt immunforsvar.
Barn som vaskar hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Profesjonell og personleg

Som fagarbeidar vil du oppleve at riktig hygiene er viktig. Du må lære deg korleis utføre riktig hygiene i alle samanhengar rundt menneska du arbeider med, for å hindre smitte og sjukdom.

Du treng kunnskap om og gode haldningar til hygiene, slik at du kan førebyggje smitte og ta vare på både di eiga og andre si helse.

«Hygiene er halve helsa.» (Libanesisk ordtak)
«Å vaske seg – det er slettes ikke godt. Børsten er bustet, og vannet er så vått. Nei, skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann.» (Egner, Torbjørn. Folk og røvere i kardemomme by)


Tenk over

Hygiene handlar om ulike tema.

  1. Lag eit tankekart for personleg hygiene, håndhygiene, hygiene på arbeidsplassen, hygiene på kjøkkenet, hygiene før og no. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskulen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av temaa på sida.
  5. Diskuter kva sitata over betyr.

Kjelde

Braut, Geir Sverre. (2020, 17. mars). hygiene. I Store medisinske leksikon. Hentet 19. mars 2020 fra https://sml.snl.no/hygiene

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2019

Læringsressursar

Grunnleggjande hygiene