Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg hygiene

I denne samanhengen handlar personleg hygiene om deg sjølv. Du må vere rein og velstelt både for at du skal føle deg vel, og for at det skal vere behageleg for andre å omgåast deg.
Kvinne som dusjar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg hygiene handlar om vask og stell av kropp, hår, hender, tenner og klede. I tillegg vil personleg hygiene bidra til at du held deg frisk. God personleg hygiene reduserer òg faren for at du ber med deg mikroorganismar og spreier smitte.

Utfordringer til deg

  1. Sjå filmen og noter stikkord. Skriv ti faktasetningar om personleg hygiene.
  2. Diskuter kva de meiner bør vere ein del av dagleg personleg hygiene.
  3. Diskuter om det kan vere ulike krav til personleg hygiene i dei ulike yrka som høyrer til utdanningsprogrammet helse- og oppvekstfag.

Relatert innhald

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du lære barna i barnehagen korleis dei vaskar hendene, og kvifor det er så viktig.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2019

Læringsressursar

Grunnleggjande hygiene