Hopp til innhald

Fagstoff

Merking av rein

Reindriftslova seier at all rein innanfor det samiske reinbeiteområdet skal merkjast med snitt i øyret med det registrerte merket til eigaren. Alle samar som eig ein del av ein siida, har rett til å ha reinmerke.

Merket viser kven reinen høyrer til

Merking av rein med snitt i øyra er ein tradisjon som har ulike praktiske funksjonar. Merka har eit hovudsnitt og eit tilleggssnitt innanfor hovudsnittet. Merket viser kven som eig reinen, og dette eigarforholdet følgjer reinen gjennom heile livet.

Alle som har ferdigheter og kunnskapar når det gjeld å lese øyremerke, veit kven som eig reinen når dei les merket. Reinmerke gir dermed informasjon som kan identifisere reinen – både når han er ute i terrenget og når han er blande inn i flokken til andre reineigarar. Merka gjer det enklare for reineigarane å ha oversikt og kontroll over dyra sine.

Alle merka er avleidde frå hovudutforminga – hovudsnittet – til familiemerket. Det seier noko om kva familiegruppe eller siida eit merke høyrer til. Reinmerke er snittkombinasjonar i begge øyra på reinen. For kvart snitt finst eit eige ord som skildrar kva type snitt det er, og kvar på øyret snittet sit.
I Noreg kan du finne øyremerke i eit merkeregister (reinmerker.no).
Innanfor det samiske reinbeiteområdet i Noreg skal reinen øyremerkjast med det registrerte merket til eigaren. Rein som er umerkt, blir kalla geažotbeallji.

Somme reindriftssamar er særleg flinke til å finne ut kven reinen høyrer til, ved å analysere øyremerket. Dei som har spesielle ferdigheiter når det gjeld å granske og kjenne att reinmerke, blir kalla for mearkadovdit (merkekjennarar).

Du kan lese meir om øyremerke på nettsida til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Kalvemerking

Reindriftssamane merkjer kalvane sine om våren og om hausten. Når kalvane skal merkjast, må alle, både barn og vaksne, vere med. Det er vanleg å samle reinflokken når kalvane skal merkjast. Då blir delar av flokken haldne i gjerdet til ein har sjekka alle dyra.

Det er fleire måtar å få tak i kalvane som skal merkjast på. Reineigarane samlar delar av flokken inn i girdnuen, fangar kalvane og set nummer på dei. Så blir kalvane sleppte ut i den stor innhegninga. Der går det ikkje lang tid før kalven har funne mor si. Når mora er funnen, blir nummeret på kalven notert ned og kven som eig mora. Så blir flokken sett inn att i girdnu, kalven blir fanga på nytt, og denne gongen får han merket til eigaren.

Ein annan måte å fange kalven på er å nytte ei lykkje som er festa til ei lang stong (njozon). Denne metoden kan ein nytte for å fange kalvar som er om lag éin månad gamle.

Den eldste metoden er å nytte lasso. Lasso blir nytta når kalven er to–fire månader gammal. I dag er det ikkje mange siidaer som nyttar lasso til å fange kalven. Reineigaren går i inngjerdinga og observerer kva kalv som følgjer kva simle. Når eigaren ser at kalven følgjer ei simle, kastar han lassoen for å fange han. Deretter blir kalven merkt.

Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan