Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver om arbeid med reinen

Utforsk, få erfaring med og presenter ulike omgrep og fenomen du må kjenne til når du skal arbeide med reinen.
 Ei hand som tastar på ein telefon. Laptopp i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Lag ei liste over dei ulike reintypane ein reinflokk består av.
  2. Gå til nettstaden reinmerker og vel ut eit reinmerke, gjerne ditt eige eller merket til nokon du kjenner. Skriv ut det merket du har funne, klipp det ut av papiret og heng det opp på veggen i klasserommet. Forklar for ein medelev kva omgrep som blir nytta for dei ulike snitta i øyret, og kva merket fortel om kven som eig reinen.
  3. Delta i reinkalvmerking, bruk riktig arbeidsteknikk for å ta fast kalven.
  4. Gå ut og lag ei grop i snøen. Ta bilete av snølaga med mobiltelefonen din. Utforsk ulike snøkrystallar og snøtypar. Lag ein presentasjon med tekst og bilete der du beskriv det du har funne ut. Forklar òg kvifor kunnskap om snø er viktig for gjeting på vinterbeite og for dyrevelferda til reinen.
  5. Lag ein plakat som viser arbeid på vinterbeiteområde, med bilete og forklaringar.
  6. Drøft i kva grad digitale verktøy kan nyttast til planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver med tanke på å redusere risiko i reindrifta.
CC BY-SASkrive av IMGEIRA. Rettshavar: IMGEIRA
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan