Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: fagarbeidar i reindriftsfaget

Ein reindriftsutøvar arbeider med oppfølging av reinflokken og må trivast med å jobbe utandørs. Interesse for dyr er ein føresetnad i denne jobben. Arbeidet er dei fleste stader tett knytt til samiske tradisjonar og kultur.

Finn ut meir om yrket fagarbeidar i reindriftsfaget (reindriftsutøvar)

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli reindriftsutøvar?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein reindriftsutøvar?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein reindriftsutøvar?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som reindriftsutøvar? Gi døme og forklar kvifor ein reindriftsutøvar treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som fagarbeidar i reindriftsfaget?

  6. Kva jobbar ein reindriftsutøvar med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som reindriftsutøvar?

  8. På kva måte kan ein reindriftsutøvar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein reindriftsutøvar med?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan