Hopp til innhald

Fagstoff

HMS i reindrifta

HMS omfattar alt frå konfliktar, stress og sjukdom til førekomst av ulykker, fysiske belastningar, handtering av farlege maskiner og kjemikalium i næringa.
Reindrift er eit av Noregs farlegaste yrke, med hyppigare ulykker med døden til følgje enn i andre høgt belasta yrke.
Mann i snødrev på snøskuter med reinflokk framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

HMS er ei forkorting for helse, miljø og sikkerheit. Arbeidsmiljølova krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt ut forsvarleg. Arbeidet med HMS i verksemda skal vere systematisk og omfatte alle faktorar som påverkar arbeidsmiljøet.

  • H – helse: ein tilstand av komplett fysisk, mental og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit
  • M – miljø: omgivnader eller ytre levevilkår
  • S – sikkerheit: fridom frå uakseptabel risiko eller skade

Reindriftsnæringa har dei siste 50 åra vore gjennom store endringar både når det gjeld sjølve drifta, og når det gjeld forhold som kjem av miljømessige og andre ytre påverknader.

Dei siste tiåra har det skjedd ei utvikling frå

  • naturalhushald til pengehushald
  • tradisjonell reindrift til ei næring med hovudvekt på kjøtproduksjon
  • ein situasjon med reindrift som livsform til reindrift som eineyrke

Reindriftssamane må òg opptre som talsmenn for si eiga næring vis-a-vis interesser i samfunnet elles. Endringar i klima, auka forureining og økologiske problem i reinbeiteområda skaper òg problem for næringa.

Fysiske belastningar

Mange arbeidsaktivitetar og arbeidsreiskap er forbundne med stor fare for ulykker, noko som kan få store helsemessige konsekvensar.

Reineigaren kan bli skadd i kontakt med reinen. Dei kan bli sparka, tråkka på eller få stikkskadar frå gevir. Andre årsaker til ulykker kan vere vanskelege terrengforhold, arbeid i ulike vêrforhold, arbeid når det er dårleg sikt, kryssing av elvar og vatn og stress for å unngå samanblandingar av reinflokkar. Det er òg ein risiko knytt til bruk av verktøy som knivar, sager, sprøyter, kjemikalium i merkespray og så vidare.

I reindrift blir det nytta ulike typar køyretøy til persontransport og leiting, samling og driving av rein, til dømes bilar, ATV, terrengmotorsyklar, snøskuter og bilhengjarar. Ved kysten har ein gjerne båt og påhengsmotor. I tillegg har ulike distrikt byrja å nytte både helikopter, fly og dronar til samling og driving av rein og til frakting av folk og utstyr.

Arbeid under harde klimatiske forhold kan gi frostskadar. Reindriftsutøvarane kan òg få rygglidingar på grunn av mykje køyring og løfting på ATV-ar og snøskuterar. Bruk av køyretøy kan òg forårsake fallskadar. Ytre miljømessige årsaker kan påverke arbeidsmiljøet negativt, til dømes eksos, støy, vibrasjonar, støv og gjørme under arbeid med rein, spesielt i girdnu.

Psykososiale belastningar

Psykososiale forhold som påverkar det daglege arbeidet til reineigaren positivt, kan vere til dømes lite konfliktar og eit godt samarbeid med eigne siidafolk og andre. Eit dårleg samarbeidsklima påverkar arbeidsmiljøet i negativ retning. I tillegg vil til dømes bekymringar for framtida og økonomiske bekymringar bli opplevde som negativt. Langvarig stress kan føre til psykiske og psykosomatiske lidingar.

Risikovurdering er ein del av oppsedinga

Reindriftssamane har gjennom tidene lagt vekt på risikovurdering som ein del av barneoppsedinga. Barna deltek i det daglege arbeidet frå dei er små, og dei lærer dermed å klare seg sjølv og heile tida kunne berge seg sjølv. Dei lærer tidleg å nytte ulike typar arbeidsreiskap, som kniv og lasso. Dette gjer at dei, når dei blir større, har fått god øving i ulike sider ved reindrift.

Arbeid med HMS i reindrifta

Næringsorganisasjonen til reindrifta, Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), har dei siste åra sett fokus på helse, miljø og sikkerheit i reindrifta. Dei ønskjer å få på plass eit systematisk arbeid med helse, miljø og sikkerheit. Gjennom førebyggjande arbeid ønskjer dei å forhindrar at sjukdom og skadar oppstår i samband med utøving av næringa. Arbeidet skal omfatte HMS-rådgivingstenester, kurs og rettleiingsmøte for reindriftsutøvarane. I tillegg er planen å tilby bedriftshelseteneste for næringa når det er behov.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan