Hopp til innhald

Fagstoff

Reinflokken

Arktiske urfolk skildrar naturen ut frå lokale erfaringar og ut frå samspelet med naturen i dagleglivet. Dette gjer dei på språket sitt, samisk. Den spesialiserte terminologien er unik og tilpassa lokale behov og praksisar i reindrifta.
Ein mann prøver å omringe nokre dyr fra ein reinflokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reinflokken

Når reindriftssamane snakkar om reinflokken, bruker dei ordet eallu, som betyr at flokken består av både vaksne og unge ho- og hannreinar som fleire eigarar har i eit fellesskap. På samisk bruker ein ikkje eksakte tal for å fortelja kor stor flokken er, for talet på rein er i konstant endring gjennom året, og desse endringane er uføreseielege. Ein bruker ulike omgrep avhengig av kor stor flokken er, for eksempel;

  • eallu er heile flokken av ulike typar eller kategoriar rein
  • čora er ei åtskild eining (frå ti til hundre dyr) som er komne vekk frå flokken, men som søkjer etter flokken

Det sosiale hierarkiet i ein reinflokk bestemmer i kva grad den enkelte reinen innanfor flokken får tilgang på beite. Reinen både samarbeider og konkurrerer om beitet. Hierarkiet er årstidsavhengig. I brunsttida om hausten tronar dei største bukkane øvst i hierarkiet. Etter brunsten vert dei skyvde nedover i hierarkiet. Om våren er simlene øvst i hierarkiet, og på denne årstida er dei suverene i konkurransen om beita.

Reindriftsutøvarane må ha gode ferdigheiter i å observera reinen og dei omgivnadene han ferdast i. Det er viktig å ha kunnskap om både naturen til reinen, topografien i områda, vêret og klimaet, og om korleis desse faktorane påverkar kvarandre.

Åtte årstider

I reindrifta har året åtte årstider. Kvar årstid har sine arbeidsoppgåver:

  • giđasdálvi (vårvinter)
  • giđđa (vår)
  • giđasgeassi (vårsommar)
  • geassi (sommar)
  • čakčageassi (haustsommar)
  • čakča (haust)
  • čakčadálvi (haustvinter)
  • dálvi (vinter)
CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan