Hopp til innhald

Fagstoff

Velferd for fisk og andre vasslevande dyr

Dyrevelferdslova stiller krav til korleis fisk og andre vasslevande dyr skal ha det i oppdrett og under fiske- og fangstaktivitetar. Lova gjeld både villfisk og oppdrettsfisk og seier at fisken skal bli behandla godt og verna mot fare for unødige påkjenningar og belastingar.

Kva er fiskevelferd?

Utgangspunktet for lovgivinga om dyrevelferd er at dyr har ein verdi i seg sjølve utover den verdien dei har for oss menneske. Når menneske grip inn i levemåten til dyr ved at vi held dei i fangenskap eller jaktar på dei, har vi eit ansvar for at dyra har det bra, og at dei ikkje lir unødig.

God fiskevelferd er når fisken meistrar det miljøet han lever i, får dekt dei naturlege behova sine og har motstandskraft mot sjukdom. Kva dette inneber til saman, er det berre fisken sjølv som kan vite. Derfor kan ein seie at dyrevelferd er livskvalitet slik han blir oppfatta av dyret sjølv: Dersom fisken sjølv opplever god livskvalitet, er dyrevelferda god.

For å vite om fisken har det bra, kan vi sjå etter ei rekkje teikn frå fisken sjølv og frå miljøet han lever i. Desse teikna kallar vi velferdsindikatorar. Døme på slike velferdsindikatorar er appetitt og tilvekst, sår og skjeltap på fisken eller miljøfaktorar som temperatur og fisketettleik.

Fiskevelferd hos oppdrettsfisk

Når vi held dyr i fangenskap, tek vi frå dyret moglegheita til å søkje seg bort frå stader med dårlege levekår. Vi har dermed teke på oss ansvaret for at dette dyret skal ha eit godt liv – at det skal ha ei god velferd. Dette betyr mellom anna at vi må sørgje for at fisken får riktig og nok fôr, at han får nok rom til å kunne bevege seg som normalt, og at han har god helse. Det betyr òg at vi må sørgje for at vi ikkje unødig utset fisken for noko som kan gi han ubehag eller vere smertefullt for han.

For å sikre god fiskevelferd må vi ha kunnskap om det naturlege levesettet, behova, utsjånaden og åtferda til fisken. Vi må overvake fisken, registrere avvik og setje i verk tiltak når det trengst. Slike tiltak kan ofte krevje spesiell kompetanse, til dømes frå ein veterinær, men det er røktaren som har dagleg tilsyn med fisken, og som må kunne registrere avvik.

Dyrevelferd ved fiske, fangst og jakt

Kreps i teine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyrevelferdslova gjeld for villfisk, krabber, reker, blekksprut og andre vasslevande dyr. Jakt, fangst og fiske skal utøvast på ein forsvarleg måte for dyrevelferda.

Visste du

  • at fiskaren eller jegeren er pålagd å redusere påkjenninga for dyret mest mogleg? Dette omfattar både å vurdere kva reiskap som blir nytta, korleis jakta blir utøvd, og korleis dyret blir avliva.
  • at det ikkje er lov å rive klørne av krabba og sleppe ho levande ut att?
  • at fisk under minstemål berre kan sleppast ut dersom han ikkje er skadd?
  • at føremålet med jakt og fangst skal vere å skaffe mat?
  • at "fang og slepp" er tillate på grunn av ei unntaksavgjerd og stiller særlege krav til varsemd?

Yrkesutøving og allmenta

To fiskarar bløggar skrei i ein fiskebåt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folk er i dag generelt meir opptekne av at dyr har ein eigenverdi, og at dei ikkje skal bli påførte unødig liding. Vi som jobbar i sjømatnæringa, må derfor vise at vi tek dyrevelferda på alvor. Det gir næringa eit godt renommé og sikrar at marknaden er positivt til produkta vi leverer.

Lov- og regelverk om fiskevelferd finn du hos Mattilsynet.no


Hugselappen

Dyrevelferdslova gjeld for alle dyr både i oppdrett og ved fiske og fangst.

Vi skal ta omsyn til den naturlege åtferda til dyr når dei blir haldne i fangenskap.

Dyr i fangenskap skal ha gode miljøvilkår og nok fôr.

Ved fiske- og fangstaktivitetar skal dyr li minst mogleg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2017

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk