Hopp til innhald

Fagstoff

Lasting av ulike typar gods

Her lærer du om spesielle krav som gjeld sikker lasting og lossing ved tank-, bulk- og termotransportar.
Lasten lever når vi transporterer i tank
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tanktransport

Tanktransport dreier seg om transport av flytande væske. Flytande væske er last som er i rørsle. Derfor er det nødvendig å vere særleg aktsam i kurver, ved oppbremsing og under akselerasjon. Di meir vi fyller opp ein tank, di mindre rom blir det for innhaldet å bevege seg på. Det blir derfor stilt krav til fyllingsgraden ved tanktransport. Ein fyllingsgrad på 80 prosent vil seie at 80 prosent av volumet på tanken er fylt.

For enkelte tankar er det krav om at tankane skal vere utstyrte med skvalpeskott. Dette er mellomvegger som hindrar væska i å bevege seg fritt inne i ein tank.

Tankbil med skvalpeskott
Opne bilete i eit nytt vindauge

ADR-2011 margnr. 4.3.2.2.4 har følgjande ordlyd:

«Tank for transport av væske, flytende gass eller nedkjølt flytende gass, som ikke har mellomvegger eller skvalpeskott som deler den i seksjoner på høyst 7500 liter, skal være fylt til ikke under 80 % eller til ikke over 20 % av sitt volum.»

Ved lasting og lossing av brennbare væsker og gassar skal både tanken og køyretøyet vere jorda for å unngå at det dannar seg gneistar ved elektrostatiske utladningar. I tillegg må du avpasse tappefarten for å unngå søl og overfylling.

Bulktransport

Bulktransport dreier seg om transport av faste lausmassar. Døme på det er anleggsmassar, korn og mjøl.

Lasting av lausmassar skjer oftast med maskinar der andre enn lastebilsjåføren står for opplastinga. Det er likevel sjåføren som er ansvarleg for korrekt lasting av køyretøyet. Ein generell regel er at lastebilen alltid skal lastast bakfrå eller frå sida. Du må aldri laste høgare enn lastekarmane. På dumperkasser utan bakkarm skal lastevinkelen ikkje kome over 45 gradar.

Lasting fra stuff
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved lasting frå stuff med hjullastar plasserer sjåføren lastebilen slik at hjullastaren får kortast mogleg veg å køyre.

Lasting med gravemaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved lasting med gravemaskin må sjåføren vente på klarsignal frå maskinføraren før han kan køyre lastebilen i posisjon.

Silo
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved lasting frå silo skal bilen stå mest mogleg nøyaktig under lastelukene for å oppnå korrekt lasting.

Lasting fra transportbånd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved lasting frå transportband skal bilen stå i posisjon for lasting frå sida eller bakfrå alt etter korleis transportbandet er plassert. Dersom transportbandet ikkje er mobilt, må bilen køyrast forsiktig fram under lastinga.

Ved lasting av bulk med trykkluft må sjåføren passe på å regulere trykket kontinuerleg. Sjekk at alle koplingane er godt festa før du skrur på trykket.

Transport av lause massar skal sikrast slik at lasten ikkje fyk, støvar eller kvervlar. Til dette kan du anten bruke nett, presenning eller fukte tørre massar med vatn før transporten tek til.

Termotransport

Termotransportar eller temperaturregulerte transportar må skje i samsvarmed Forskrifter om internasjonal transport av lett bedervelige næringsmidler og Tillegg til forskrifter om internasjonal transport av lett bedervelige næringsmidler.

Slike transportar krev at det er ei utbroten temperaturkjede under transport medrekna lossing og lasting. Du treng derfor informasjon om kva temperaturkrav som gjeld. Du finn krava til transport- og lagringstemperatur for frosne næringsmiddel og næringsmiddel som verken er djupfrosne eller frosne, i Annex 2 og 3 til Tillegg til forskrifter om internasjonal transport av lett bedervelige matvarer.

Lakseslakteri
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved transport av isa produkt i fersk tilstand stiller du temperaturen på termoaggregatet inn på 0 °C.

Transport av frukt og grønt er også temperaturregulert transport. Tabellen nedanfor viser kva oppbevaringstemperatur ulike typar frukt og grønt skal ha.

Temp. °CFrukt/grønsak
2,0nektarin, kiwi, kinakål, purre, brokkoli, sjampinjong, stilkselleri
2,5eple, pære, plomme, kirsebær, fiken, fersken, drue, sikori, skorsonerrot, kvitløk, endiv, fennikel, bønne, ingefær, salat, sukkermais, persille, peparrot, rabarbra, rosmarin, salvie, timian, jordskokk, mynte, spinat, estragon, blomkål, grasløk, koriander, karse, karve, kvitkål, raudkål, gulrot, asparges
3,0jordbær, bringebær, appelsin, klementin, sitron, lime, mandarin, tangerin, løk
4,0chilipepar (raud, grøn)
5,0litchi, jordnøtt
6,0potet
7,0solbær, blåbær, mango, avokado, aubergine
8,0grapefrukt, guava, paprika
9,0aprikos, melon
10,0ananas, papaya, tomat
11,0agurk, squash, graskar
12,0banan

Tabell: Oppbevarings- og transporttemperaturar for frukt og grønt

I tillegg til temperaturen må vi også ta omsyn til modningsgassen etylen når vi lastar frukt og grønt. Når frukt og grønt modnar, utviklar dei etylengass. Denne gassen akselererer modninga. Ved blanda transportar kan riktig transporttemperatur for éin grønsaksort føre til modning for ein annan. Tabellen nedanfor viser døme på sortar som tåler samlasting:

Ieple, pære, fersken, papaya, pasjonsfrukt, nektarin, tomat
IIsitrusfrukt, kålrot, potet, løk, artisjokk, raudbete, kvitløk, pastinakk, reddik, drue, jordbær
IIIplomme, agurk, blomkål, kvitkål, hovudsalat, purre, mango, kiwi, banan, avokado, aprikos, persille, dill, kinakål, stilkselleri, rosenkål, brokkoli, melon, gulrot

Tabell: Frukt- og grøntsortar som tåler samlasting

Sortane i gruppe I har høg etylenproduksjon som framskundar modningsprosessen. Gruppe II har låg produksjon av etylengass og blir mindre påverka av etylen under modning. Gruppe III har låg produksjon av etylengass, men blir sterkt påverka av etylen under modning.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Lasting og lossing