Hopp til innhald

Fagstoff

Lastsikringsbrosjyre

Her finn du ein miniguide for lastsikring som gir deg praktiske instruksjonar for sikring av last i tråd med standarden NS-EN 12195, Lastsikring på kjøretøy – Sikkerhet.
Lastebil med sikra gods på planet. Nedanfor står teksten "lastsikring ved vegtransport". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I lastsikringsbrosjyren finn du tabellar over friksjon og ulike surremetodar som overfalls-, grime-, loop- og direktesurring. Ved å bruke tabellane kan du rekne ut talet på surringar du må bruke for å sikre lasta di. Heftet er eit samandrag av relevante reglar og metodar etter EU-standarden.

Tanken er at denne miniguiden skal vere eit hjelpemiddel som gir ei kjapp oversikt over dei aktuelle talverdiane og reglane du treng å ta omsyn til ved lastsikring. Last han gjerne ned til pc-en og mobilen din, så har du han lett tilgjengeleg når du treng han.

Korleis presentere lastsikringsbrosjyren?

Opne fila, trykk på dei tre prikkane øvst i høgre hjørne og vel "presenter". Då får du opp ei og ei side for enklare å kunne presentere på storskjerm for klassen.

Filer

No har du hatt ein gjennomgang av lastsikringsbrosjyren og kan teste kva du har fått med deg. Sørg for å ha brosjyren tilgjengeleg før du byrjar på oppgåvene.

Oppgåve 1: Fyll inn rett svar i teksten

Trykk på illustrasjonen/biletet i spørsmålet viss du ønsker eit større bilete.

Oppgåve 2: Svar på spørsmåla.

Du kan eksportere svara til datamaskina di, og svaret kan då nyttast som vurdering for lærar og/eller for å gå tilbake og repetere spørsmål og svar for deg sjølv.


Kjelde

Standard Norge. (2011). Lastsikring på kjøretøy – Sikkerhet – Del 1: Beregning av surringskrefter (NS-EN 12195-1:2010).

CC BY-NCSkrive av Mette Broen og Norges Lastebileier-Forbund. Rettshavar: Norges Lastebileier-Forbund
Sist fagleg oppdatert 24.01.2023

Læringsressursar

Lasting og lossing