Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker lasting og lossing i same planet

Sikker lasting og lossing i samme plan krever at underlaget tåler belastningen av laste- og losseutstyret samt vekten av godset.
Lastelemmen må hvile på rampen.

Vi kan overføre last i same planet:

  • mellom godsbilar
  • mellom godsbilar og terminalar

Distribusjonsbilar er i dag utstyrte med hydrauliske lastelemmar. Sikker overføring av last mellom slike bilar krev at lastelemmen på den eine distribusjonsbilen kviler på lasteplanet til den andre bilen. Skøyt ikkje lastelemmane! Dette kan føre til overbelastning, særleg dersom lastelemmane er lange.

Plan mellom kjøretøy
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein standardlem tåler ikkje køyring med truck. Det er derimot mogleg å montere truckforsterking med spesiallås for køyring med truck på 1,5 tonn.

Ved overføring av gods mellom køyretøy og terminal plasserer vi lastelemmen slik at han kviler på rampen. Ved lossing blir køyretøyet gradvis lettare. Derfor kan du måtte senke lastelemmen under lossing for å sikre at han kviler støtt på rampen.

Overføring av gods i plan skjer vanlegvis over korte avstandar. Til slike forflyttingar bruker vi både jekketraller og støttebeinstruckar. Medan jekketraller kan ha to eller fire hjul, har støttebeinstruckar alltid fire hjul.

Lastens tyngdepunkt
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å oppnå best mogleg stabilitet må vi plassere lasten slik at tyngdepunktet kjem midt mellom gaflane på tralla eller trucken.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Lasting og lossing