Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske hjelpemiddel

Vi skal no sjå litt på kvifor vi bruker tekniske hjelpemiddel, og kva du må ha opplæring i for å bruke dei. Vi skal også ta for oss nokre av dei vanlegaste tekniske hjelpemidla som blir brukte ved transport- og logistikkoppdrag.
Bakløfter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor tekniske hjelpemiddel?

Med tekniske hjelpemiddel meiner vi innretningar som skal bidra til å effektivisere arbeidet og redusere belastinga på transportarbeidaren. Tenk deg at eit skip skal lossast med handkraft. Det tar lang tid og blir svært kostbart. Det er vanskeleg å talfeste kor mykje billegare ei teknisk løysing blir jamført med ei manuell, men somme hevdar at å handtere varer med truck berre kostar ein tredel av det ei manuell handtering vil koste.

Truck er eit teknisk hjelpemiddel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplæring

Vi skil mellom sertifiserande opplæring og dokumentert opplæring. Skal du køyre gaffeltruck eller kran, må du ha sertifiserande opplæring. Det vil seie at du skal ha blitt lært opp etter godkjend læreplan med ein instruktør som er godkjend for opplæring i bruk av utstyret.

Skal du for eksempel bruke ein bakløftar, må du ha dokumentert opplæring. Det vil seie at ein person som kan bruke utstyret, viser deg korleis det skal gjerast på ein trygg måte. Du skal skrive under på at du har fått opplæringa.

Hugs at du også må bruke verneutstyr. Klemskadar er dei vanlegaste skadane i transporten, så ver nøye med å bruke rett verneutstyr.

Eksempel på tekniske hjelpemiddel

Med tekniske hjelpemiddel som kraner og truckar blir skipet lossa mykje raskare. I tillegg til truckar og kraner har vi løfteutstyr som jekktraller og bakløftarar på lastebilar. Det finst også forskjellig teknisk utstyr for å sikre lasten.

Lenkjer

Arbeidsmiljøloven

Arbeidstilsynet, forskrifter

Forskrift om bruk av arbeidsutstyr § 10

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.11.2018

Læringsressursar

Lasting og lossing