Hopp til innhald

Fagstoff

Kontoplan og kontoklasser

Her skal vi sjå korleis dei ulike postane i rekneskapen får tildelt kontoar, med namn og kontonummer. Vi skal òg lære om kontoklasser.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontoplan

Kontoplanen viser alle kontoane i ei systematisk oversikt. Dei fleste norske bedrifter nyttar ein standard kontoplan som heiter NS 4102. "NS" står for Norsk Standard.

Kontoklasser i balansen

Kontoklasse 1 og 2 viser kontoane i balansen. Vi nyttar éin konto for kvar type eigedel, gjeld og eigenkapital.

Balansen

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Klasse 1

Klasse 2

Eigedelane står i debet (i pluss), og summen balanserer med eigenkapital og gjeld, som står i kredit (i minus).

Det er dei "same pengane" som står på begge sidene av balansen:

Kreditsida
viser kor pengane kjem frå, i form av eigenkapital og gjeld (framandkapital). Ho viser med andre ord korleis pengane er skaffa, eller korleis bedrifta er finansiert.
Debetsida
viser korleis pengane er nytta, i form av eigedelar. Vi deler eigedelane i anleggsmidlar (kjøpt inn til varig eige og bruk) og omløpsmidlar (eigedelar knytt til varekrinsløpet).

Korleis eigenkapitalen endrar seg, er som regel det som får mest merksemd – i alle fall hos eigarane.

Kontoklasser i resultatrekneskapen

Kontoklassene 3 til 8 er knytte til resultatrekneskapen.

Resultatrekneskapen

Kostnader

Inntekter

Klasse 4. Varekostnader

Klasse 3. Inntekter

Klasse 5. Løn

Klasse 6 og 7. Administrative kostnader

Klasse 8. Renter og skatt

Kontoane

Vi kan dele klassene opp i undergrupper av kontoar ved å nytte fleire siffer i kontonummeret . I kontonummeret viser det første sifferet klasse, det andre sifferet viser gruppe, og det tredje og eventuelt fjerde sifferet viser konto.

Då får vi mellom anna delt opp eigedelane i grupper. Gruppene 11 til 13 er reserverte for anleggsmidlane, mens gruppene 14 til 19 er reserverte for omløpsmidlane. Studer dømet under:

Balansen

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Kontonummer

Konto

Kontonummer

Konto

1230

Varebil

2000

Eigenkapital

1250

Inventar

1460

Varelager

2200

Gjeld

1920

Bank

Det same kan vi gjere med resultatrekneskapen. I tabellen under ser du døme på dette. Nokre bedrifter, til dømes bokhandlar, kjøper og sel både avgiftsfrie og avgiftspliktige varer. Bøker er avgiftsfrie, mens på andre varer må dei leggje på meirverdiavgift.

Vi kan òg nytte løn som døme. Ved hjelp av kontoklassene får vi fanga opp lønskostnaden, feriepengar og arbeidsgivaravgifta kvar for seg.

Resultatrekneskapen

Kostnader

Inntekter

Kontonummer

Konto

Kontonummer

Konto

4300

Avgiftspliktig varekjøp

3000

Avgiftspliktig sal

4400

Avgiftsfritt varekjøp

3100

Avgiftsfritt sal

5000

Løn

5100

Feriepengar

5400

Arbeidsgivaravgift

Dobbel bokføring

Dobbel bokføring betyr at vi alltid må føre lik sum til debet og kredit.

Kjelde

Kontoplan. (2014, 21. juli). I Store norske leksikon. https://snl.no/kontoplan.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Rekneskap