Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneskapsføring for Sikkerheitsvakt AS

Bjarne og Torhild set opp månadsrekneskap, og i juni har dei hatt oppdrag for ein konsertarrangør i tillegg til dei faste oppdraga.
Uniformert vektar med lommelykt står på gata i ein mørk by. Foto.
Om Sikkerheitsvakt AS

Både Bjarne og Torhild gjekk service, sikkerheit og administrasjon vg2 før dei fekk læreplass innan sikkerheit i Forsvaret. Etter fullført læretid møttest dei på vektarkurset til Securitas, der dei òg jobba ein kort periode. No vil dei prøve seg på eiga hand i sitt eige firma, Sikkerheitsvakt AS.

Sikkerheitsvakt AS treng løyve frå politiet til å drive sikkerheitsfirma. Lov om vaktverksemd krev at både Bjarne og Torhild er over 18 år og har tilfredsstillande vandel. Bedrifta vil tilby mobilt og stasjonært vakthald allereie det første året, og lån til bil blir det største utgifta.

Den som utfører vaktteneste, må bruke uniform og bere synleg ID-KORT.

Inngåande balanse

Sikkerheitsvakt AS har følgande balansepostar per 1. juni 20xx:

  • bil: kr 450 000

  • inventar og utstyr: kr 100 000

  • bankinnskot: kr 75 000

  • banklån: kr 500 000

  • skuldig mva. på oppgjerskonto: kr 9 300

  • eigenkapital: kr ?

Oppgåve

  1. Bruk vedlagde arbeidsbok, eller lag di eiga. Start på bilag nr. 125.

  2. Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.

  3. Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for juni.

  4. Avslutt rekneskapen.

  5. Kommenter resultatet og balansen.

Arbeidsbok

Filer

Forretningstilfelle i juni 20xx
DatoTekstBeløp i kroner
2.6.Betaler husleige10 000
2.6.Betaler forsikring1 500
6.6.Sender faktura til kunde Kjøpesenter AS, betalingsfrist 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva.65 000
10.6.Betaler meirverdiavgift for 2. termin9 300
10.6.Lønnsutbetaling til Torhild og Bjarne:
Bruttolønn66 964
Skattetrekk16 500
Feriepengar, 12 %8 036
Nettolønn?
Arbeidsgivaravgift, 14,1 % av brutto lønn?
11.6.Sender faktura til Festival AS, betalingsfrist 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva.34 000
15.6.Betaler avdrag på lån2 600
15.6.Betaler rentekostnad på lån1 800
20.6.Innbetaling frå Kjøpesenter AS65 000
20.6.

Bjarne har utlegg til lunsj på kontoret

450
21.6.Får faktura for breiband. Internettleverandør AS. Blir betalt per 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva.1399
25.6.Innbetaling frå Festival AS34 000
30.6.Avskriving bil10 300
30.6.Avskriving inventar2 250
30.6.Overfører utgåande mva.?
30.6.Overfører inngåande mva.?
Kontoar i rekneskapen
  • skuldig skattetrekk

  • kundar: 15002 Kjøpesenter AS og 15045 Festival AS

  • leverandør: 24015 Internettleverandør AS

  • utgåande mva.

  • inngåande mva.

  • oppgjerskonto mva.

  • skuldig arbeidsgivaravgift

  • skuldig feriepengar

  • salsinntekter

  • lønn

  • feriepengar

  • arbeidsgivaravgift

  • avskriving på bil

  • avskriving på inventar

  • husleige

  • andre driftskostnader

  • rentekostnader

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Rekneskap