Hopp til innhald

Fagstoff

Rekneskapsføring av meirverdiavgift

Du har sikkert lagt merke til at det står spesifisert beløp for meirverdiavgift (mva.) på fakturaer. Dette er ein skatt som bedriftene hentar inn på vegner av staten. Når du fører rekneskap, må meirverdiavgift førast på eigne kontoar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift er ein av dei viktigaste inntektspostane til staten, og er berekna å bli 393 milliardar kroner i 2023. Det er ein skatt som er pålagd nesten alt kjøp og sal i Noreg. Den generelle satsen er på 25 prosent. Mat, persontransport, overnatting og ein del kulturelle aktivitetar har ein lågare sats. Nokre varer og tenester er unnateke eller friteke frå meirverdiavgift.

Skilnaden på unntak og fritak

Varer og tenester som er fritekne frå meirverdiavgift, som helsetenester og undervisning, er ikkje omfatta av meirverdiavgiftslova.

Varer og tenester som er fritekne for meirverdiavgift, som bøker, er omfatta av meirverdiavgiftslova. Det vil seie at bedrifter som sel bøker, ikkje skal leggje på meirverdiavgift på salsprisen, men at dei likevel får refundert meirverdiavgifta dei har betalt når dei har kjøpt inn varer og tenester.

Meirverdiavgiftsregisteret

Alle bedrifter og organisasjonar som omset for meir enn 50 000 kroner, skal registrere seg i meirverdiavgiftsregisteret. For velgjerande og humanitære organisasjonar er grensa 140 000 kroner.

Satsar for meirverdiavgift

I mange år har desse satsane vore gjeldande:

  • 25 prosent på dei fleste varer varer og tenester
  • 15 prosent på matvarer
  • 12 prosent på mellom anna persontransport og utleige av hotellrom.
  • 0 prosent på tenester som helsetenester, undervisning og bank og finans

Gå gjerne inn på Skatteetaten og sjekk om satsane framleis gjeld.

Tenk over

Kvifor er satsane ulike? Kva trur du er grunnen til at nokre tenester er heilt unnatekne frå meirverdiavgiftslova?

Korleis fører vi meirverdiavgifta i rekneskapen?

Vi skil mellom inngåande og utgåande meirverdiavgift. Inngåande meirverdiavgift er den meirverdiavgifta som bedrifta sjølv betaler på varer og tenester dei kjøper. Utgåande meirverdiavgift er den meirverdiavgifta som bedrifta legg på utsalsprisen til kunden.

Kjøp

Inngåande meirverdiavgift skal betalast på varer og tenester som bedrifta kjøper. På fakturaen som bedrifta får, står det spesifisert kor mykje av sluttsummen som er meirverdiavgift. Bedrifta skal betale heile beløpet til dei som selde varene eller tenestene, men posterer meirverdiavgiftsbeløpet på ein eigen konto som heiter inngåande meirverdiavgift. Resten av kjøpssummen skal førast på varekjøp.

Dømet under viser eit varekjøp der fakturabeløpet er på 1 250 kroner, der 250 kroner er spesifisert som meirverdiavgift.

rekneskapsføring

Tekst

24001
Leverandørgjeld

2710
Inngåande mva.

4300
Varekjøp

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Varekjøp

1 250

250

1 000

Sal

Når bedrifta sel noko, skal dei leggje på utgåande meirverdiavgift på salsprisen. Bedrifta må spesifisere meirverdiavgifta i alle fakturaene som dei sender ut til kundane. I rekneskapen skal den utgåande meirverdiavgifta trekkjast ut av varesalet og førast på eigen konto. Varesal utan meirverdiavgift skal førast på konto for varesal. Heile beløpet for varesal, inkludert meirverdiavgifta, skal debiterast konto for kundefordringar.

I dømet under er beløpet 2 500 kroner, der 500 kroner er meirverdiavgift.

rekneskapsføring

Tekst

15001
Kundefordring

2700
Utgåande mva.

3000
Avgiftspliktig varesal

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Varesal

2 500

500

2 000

Mva.-melding

Alle bedrifter som er registrerte i Merverdiavgiftsregisteret, må levere mva.-meldingar. Dei fleste bedrifter skal levere mva.-meldinga annankvar månad, altså seks gonger i året, men små verksemder kan søkje om å levere éin gong i året.

Som du ser over, er kontoane for inngåande og utgåande meirverdiavgift begge kontoklasse 2, som er eigenkapital og gjeld. Dette er fordi meirverdiavgifta er ein skatt, eller gjeld, som skal betalast til staten. Seks gonger i året skal bedrifta finne ut kor mykje dei skuldar staten for meirverdiavgift, eller unntaksvis har til gode. Vi seier at det er seks avgiftsterminar.

Første termin gjeld januar og februar. Fristen for å levere mva.-meldinga er éin månad og ti dagar etter slutten av den siste månaden i perioden, altså blir fristen for å levere for første termin 10. april. Mva.-meldinga viser kva beløp som er inngåande og utgåande meirverdiavgift, og beløpet som bedrifta anten skuldar eller har til gode.

rekneskapsføring

Tekst

1920
Bankinnskot

2700
Utgåande mva.

2710
Inngåande mva.

2740
Oppgjerskonto mva.

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Sum posteringar i januar og februar

500

250

Overført utgåande mva.

500

500

Overført inngåande mva.

250

250

Betalt avgift for 1. termin

250

250

Differansen mellom utgåande og inngåande meirverdiavgift er i dette dømet 250 kroner, og dette skal spesifiserast i mva.-meldinga. Mva.-meldinga skal leverast til Skatteetaten. Beløpet ein skuldar, skal betalast samstundes med innleveringa av mva.-meldinga. Dersom bedrifta har eit beløp til gode, vil staten betale dette tilbake når dei har kontrollert meldinga.

Tenk over

Kven er det som til slutt betaler meirverdiavgifta? Er det bedrifta, eller er det du og eg?

Kjelde

Regjeringa. (2020, 7. oktober). Statsbudsjettet 2021: Statens inntekter og utgifter. https://www.regjeringen.no/no/statsbudsjett/2021/statsbudsjettet-2021-statens-inntekter-og-utgifter/id2768898/

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.07.2023

Læringsressursar

Rekneskap