Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis vil du setje opp den eksterne resultatrekneskapen?

Kontorvikar AS skal presentere resultatrekneskapen for banken. Dei har ført alle bilag og avslutta rekneskapen for 20xx. No skal tala setjast opp rett, i samsvar med rekneskapslova, slik at banken får ei forståing av økonomien.
Smilande kvinne med headset ved ein arbeidspult i eit opent kontormiljø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Sorter og set opp tala i ein ekstern resultatrekneskap. Driftsresultatet må du sjølv berekne.

Tal frå resultatrekneskapen til Kontorvikar AS 20xx
TekstKroner
Lønnskostnader984 000
Anna driftsmateriell48 000
Andre driftskostnader9 900
Salsinntekter1 452 000
Skatt49 000
Rentekostnader5 900
Husleige96 000
Avskrivingar23 800
Marknadsføring18 900
Renteinntekter990
  1. Presenter og forklar den eksterne rekneskapen til ein medelev, som tek rolla som banktilsett.

  2. Berekn resultatgraden, og vurder denne.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Rekneskap