Hopp til innhold
Øvelse

Omsettingsøving 6

I denne omsettingsøvinga skal du ha særleg merksemd på j-verb og nokon andre litt vrine verb, og på spørjeord.

Litt oppfrisking før du går i gang


For å klare denne omsettinga bør du kunne nokon litt meir vrine verb, og dei nynorske spørjeorda.

  • J-verb er ei gruppe svake verb som ikkje får ending i presens, som å fortelje, å krevje, å spørje, å sette/setje. Det heiter eg fortel, eg krev osv. Dei får også litt spesielle bøyingsformer i preteritum (fortalde, kravde, spurde, sette osv.) Desse verba bør du lære deg.
  • Verbet å eige får heller ikkje ending i presens: eg eig. Preteritumsform er eigde.
  • Mange bøyer verba å finnast og å synast feil i presens. Dei rette presensformene er det finst og eg synest.
  • Spørjeorda som begynner på hv- i bokmål, får kv- i nynorsk: kven, kva, korleis, kvifor, kva for, kva for ein

Omsettingsøving

  1. Hva synes du vi kan kreve av arbeidstakerne?
  2. Jeg krever at det skal finnes en vilje til å venne seg til nye krav.
  3. Man kan jo spørre seg hvilke motiver de har for å jobbe her når de ikke vil følge med på den digitaliseringen som vi alle vet er i ferd med å skje i samfunnet.
  4. Men mange av dem fins ikke interessert i denne endringen, selv om jeg spurte dem om dette på jobbintervjuet.
  5. I går satte jeg for eksempel Gunnar til å selge de nyeste pc-ene på markedet.
  6. Hvordan tror du det gikk?
  7. Han valgte å kreve plassen på kontoret tilbake.
  8. Han hadde nemlig ikke kunnskaper nok til å fortelle kundene hvilken maskin de skulle eie.

Forslag til omsetting

Vi har laga eit forslag til korleis setningane kan omsettast. Samanlikn gjerne omsettinga di med forslaget vårt. Men vent med å kikke til du er ferdig med å sette om, elles lærer du ikkje særleg mykje!

Relatert innhold

Fagstoff
Forslag til fasit

Ei side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".