Hárjehus
Kva hugsar du frå e-forelesinga?
Sjekk kva du hugsar frå e-forelesinga om sterke verb. Sit gjerne saman to og to og gjer øvinga.
I denne øvinga får du presentert nokon eksempelsetningar. Du skal avgjere om verba i setningane har rett form eller ikkje, og du skal grunngi kvifor. Prøv å bruke dei faglege omgrepa frå videoen:
- ending i presens, inga ending i presens
- preteritum, presens perfektum
- rotvokal, skifte av rotvokal
- parverb
- transitivt verb, intransitivt verb
- sterk bøying, svak bøying