Hárjehus
Kva kan du om substantivbøying i nynorsk?
Kva veit du om korleis vi bøyer substantiv på nynorsk? Gjer desse øvingane.
Korleis bøyer ein substantiva i tabellen nedanfor?
Gjer øvinga munnleg, gjerne saman med ein klassekamerat. Du skal berre prøve å hugse så godt du kan. Fasiten får du i e-forelesinga: Substantiv
Ubestemt form eintal | Bestemt form eintal | ubestemt form fleirtal | Bestemt form fleirtal |
---|---|---|---|
gut | guten | gutar | gutane |
hund | |||
klokke | |||
tre | |||
selskap | |||
teater | |||
son | |||
sofa | |||
bunad | |||
bror | |||
forteljing | |||
mor | |||
søster |
Dei tre frasene under er ikkje heilt god nynorsk. Kva bør du endre på?
- den norske ambassade
- den førre regjering
- det norske samfunn