Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Svake verb

Hárjehus

J-verb og kortverb

Kortverb er ei gruppe verb som det er lett å bøye rett. J-verba er litt meir krevjande, men du kjem langt ved å lære deg seks j-verb som er mykje brukte.

J-verb

J-verba er ei gruppe verb som endar på -je i infinitiv (å fortel-je). Dei har til felles at dei ikkje har ending i presens, og at dei endar på -de i preteritum. Ofte har dei også vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp.

Dei sju j-verba nedanfor kjem du sikkert til å få bruk for. Lær dei utanåt!

  • å fortelje – fortel – fortalde – har fortalt
  • å telje – tel – talde – har talt
  • å velje – vel – valde – har valt
  • å selje – sel – selde – har selt
  • å skilje – skil – skilde – har skilt
  • å spørje – spør – spurde – har spurt
  • å krevje – krev – kravde – har kravd

Kortverb

Kortverb er einstavingsord i infinitiv og presens. Dei får -r i presens og -dde i preteritum. Det finst ein del fleire kortverb enn dei som står på lista, men du kjenner dei sikkert att med ein gong når du møter på dei.

Ver litt obs på verbet “å døy”! På bokmål skriv vi “han døde” med berre ein d, på nynorsk heiter det “han døydde”, med to d-ar.

  • å sy – syr – sydde – har sydd
  • å tru – trur – trudde – har trudd
  • å bu – bur – budde – har budd
  • å døy – døyr – døydde – har døydd
  • å ha – har – hadde – har hatt

Øving 1

J-verb og kortverb

Øving 2

J-verb og kortverb

CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 07/03/2019