Hárjehus
A-verb og e-verb
Bøying av a-verb er lett: Verbendinga har vokalen a i både presens, preteritum og presens perfektum: å bade – eg badar – eg bada – eg har bada.
Korleis veit du om eit verb er eit a-verb? Du går heilt enkelt ut frå det du seier på ditt eige talemål. Dersom verbet får endinga -a eller -et i preteritum i talemålet ditt, har du med eit a-verb å gjere. (Nokon få unntak finst, men øyrekontrollen fungerer heilt supert i ni av ti tilfelle.)
A-verb eller ikkje?
Mange e-verb bøyer vi som på bokmål:
- å lyse – lyser – lyste – har lyst
- å leve – lever – levde – har levd
Korleis veit du om du har med eit e-verb å gjere? Dersom verbet får endinga
-te eller -de i preteritum i dialekten din, har du med eit e-verb å gjere.
E-verb eller ikkje?