Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Ein enkel veg til heilt grei nynorsk

Pronomen

Nå skal du lære deg dei pronomena som har ulik form i bokmål og nynorsk. Vi ser på personlege pronomen og ubestemt pronomen.

Personlege pronomen

Personlege pronomen er ord som erstattar substantiv i setninga:

Lena kjem på besøk i morgon. Ho gleder seg veldig til å sjå deg. (Ho = Lena)

Bilane stod parkerte på gardsplassen. Dei var vaska og polerte.
(Dei = bilane)

I tabellen under ser du dei personlege pronomena på bokmål og nynorsk. Dei pronomenformene som du må vere særleg merksam på, er utheva.

Personlege pronomen

Bokmål

Nynorsk

jeg – meg

eg – meg

du – deg

du – deg

han – han el. ham

han – han

hun – henne

ho – henne el. ho

det – det

det – det

vi – oss

vi – oss

dere – dere

dokker – dokker el. de – dykk

de – dem

dei – dei

Som du ser av tabellen, er det eigentleg ganske mange av dei personlege pronomena som er like på bokmål og nynorsk.

Det som kan vere vanskeleg, er formene i andre og tredje person fleirtal (bokmål: dere og de), for ein del elevar strevar også med å bruke de og dem rett når dei skriv bokmål.

Det enklaste og luraste er om du vel å bruke dokker i andre person fleirtal i nynorsk.

Øving 1

Ubestemt pronomen

På nynorsk kan du ikkje bruke det ubestemte pronomenet “man”. I staden kan du bruke “ein”. Ofte er det enda betre å bruke “vi” eller “du”.

Øving 2

Gjer om kardemommeloven til nynorsk. Prøv med “ein”, “vi” og “du” i staden for “man”, og argumenter for kva form som passar best.

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil!

CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-05-03