Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Ein enkel veg til heilt grei nynorsk

Substantiv

Nå skal du lære deg den regelrette bøyinga av substantiv i nynorsk. Du skal òg lære kva som er spesielt med substantiva som endar på -ing.

Hankjønnsord

Samanlikn bokmål og nynorsk:

Bokmål

en gutt – gutten – mange gutter – alle guttene

Nynorsk

ein gut – guten – mange gutar – alle gutane

Du må altså hugse på to ting:

  1. På nynorsk skal hankjønnssubstantiv ende på -ar og -ane i fleirtal.
  2. Den ubestemte artikkelen på hankjønnsorda er ein.

Hokjønnsord

Samanlikn bokmål og nynorsk:

Bokmål

ei/en jente – jenta/jenten – jenter – jentene

Nynorsk

ei jente – jenta – jenter – jentene

Hokjønnsbøyinga er lett å hugse:

  1. Hokjønnsorda får same fleirtalsbøying som på bokmål.
  2. Den ubestemte artikkelen er alltid ei.

Korleis veit du om eit substantiv er hokjønns- eller hankjønnsord?

Ein vanleg feil elevar med bokmål som hovudmål gjer, er å tru at dei fleste substantiva er hankjønnsord. Det kjem av at hokjønnsorda har valfri hankjønns- eller hokjønnsartikkel i bokmål:

To eksempel: På bokmål kan du velje om du vil skrive ei lampe – lampa eller en lampe – lampen. Du kan velje om du vil skrive ei jord – jorda eller
en jord – jorden. På nynorsk har vi ikkje dette valet. Både lampe og jord er hokjønnsord, og da skal dei bøyast som hokjønnsord og ha hokjønnsartikkel.

Enkel hugseregel

  1. Er du i tvil om du har med eit hankjønns- eller hokjønnsord å gjere, sett det i bestemt form eintal. Dersom det høyrest greitt ut med a-ending, er det stort sannsyn for at det er eit hokjønnsord.
  2. Men om a-ending høyrest heilt rart ut, er det nok eit hankjønnsord. Ta for eksempel ordet mat. Det høyrest heilt feil ut å seie “eg bestiller mata”, det må heite “eg bestiller maten”. Da må mat vere eit hankjønnsord.

Øving 1

Bøying av hankjønns- og hokjønnsord

Substantiv som endar på -ing

Substantiv som endar på -ing har ei litt spesiell bøying. Vi bruker mange ord på -ing når vi skriv, derfor er det greitt å lære seg korleis vi bøyer dei.

ei meining – meininga – meiningar – meiningane

Regelen er slik:

  1. Ord på -ing er hokjønnsord og skal derfor ha hokjønnsartikkelen ei framfor seg.
  2. I eintal blir ord på -ing bøygde som vanlege hokjønnsord, men i fleirtal oppfører dei seg som hankjønnsord og endar på -ar og -ane.
Veit du korleis vi kan bøye ord på -ing på bokmål?

På bokmål kan vi bøye ord på -ing valfritt som hokjønnsord eller hankjønnsord:

  • ei dronning – dronninga – flere dronninger – alle dronningene
  • en dronning – dronningen – flere dronninger – alle dronningene

Øving 2

Ubestemt artikkel og fleirtalsform av hankjønns- og hokjønnsord


Inkjekjønnsord

Inkjekjønnsorda er nok dei substantiva som det er vanlegast for bokmålsbrukarar å gjere feil på. Dei blir alle bøygde slik som substantivet barn i eksempelet under.

Bruk derfor dette substantivet som “knagg” når du skal bøye inkjekjønnsord på nynorsk.

Eit barn – barnet – fleire barn – alle barna

Øving 3

Inkjekjønnsord og substantivbøying generelt




CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-05-03