Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Kongens neiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kongens nei

Tyske tropper rykket inn i Norge 9. april 1940, og kongen og regjeringen Nygaardsvold flyktet nordover. Tyskerne ønsket at kongen skulle godkjenne Vidkun Quisling fra Nasjonalt samlingsparti som ny statsminister i Norge, men dette sa Kong Haakon 7. nei til.

Kongen og kronprinsen søker dekningu nder et flyangrep på i Molde
Eit av dei mest kjende bileta frå denne perioden viser kong Haakon og kronprins Olav som søkjer ly i samband med eit tysk luftåtak i Molde.

Tyske troppar rykte inn i Noreg 9. april 1940, og kongen og regjeringa Nygaardsvold flykta nordover. Tyskarane ønskte at kongen skulle godkjenne Vidkun Quisling frå Nasjonalt samlingsparti som ny statsminister i Noreg, men Kong Haakon 7. sa nei.

Tyske troppar okkuperer Noreg

Tidleg på morgonen 9. april 1940 vart det tyske krigsskipet Blücher søkkt i Drøbaksundet. Det norske forsvaret si søkking av Blücher utsette Hitlers plan om å okkupere Noreg, med eit døgn. Dette gav kongefamilien og regjeringa tid til å flykte nordover i landet og derfrå vidare til England og USA.

Da Kongen og regjeringa forlét Oslo 9. april, forsøkte Vidkun Quisling å overta makta ved eit statskupp. Han heldt ein radiotale der han utnemnde seg sjølv til statsminister.

Vidkun Quisling gjer statskupp på norsk radio 9. april 1940

Kongen nektar å samarbeide

Den 10. april hadde kongefamilien med følgje komme fram til Trysil. Tyskarane sende ein utsending til Trysil med krav om å innsetje Quisling som ny statsminister. Saka vart teken opp med Kongen i statsråd og resulterte i ein kongeleg resolusjon som Kongen og statsminister Nygaardsvold skreiv under. I denne resolusjonen nekta Haakon 7. å gje etter for det tyske kravet.

protokoll med kongens nei
Kjelda Statsrådssekretariatet, Resolusjoner, 122 Resolusjoner 1940–1942 blir også kalla «Kongens nei».

Etter krigen vart Quisling arrestert og dømd til døden for landssvik. «Kongens nei» vart brukt som dokument 1 i landssviksaka mot han. Dei raude merknadene du ser på dokumentet, er frå tida da bevisa i saka vart samla inn.

«Kongens nei» blir derfor rekna som eit av dei viktigaste dokumenta i nyare norsk historie.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale