Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Felles målChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Felles mål

I fotball er det gjerne målskårarane som er mest populære hos publikum, og som får mest medieomtale. Men bak kvar målskårar står det eit heilt lag som samarbeider og prøver å gjere kvarandre gode. Dette er noko fotballen har til felles med organisasjonar og bedrifter.

Mål. Foto.

Samarbeid er nøkkelen

I ein organisasjon må alle samarbeide for å nå eit felles mål. Dei ulike aktørane har ulike oppgåver, og skal organisasjonen nå målet, må alle gjere sin jobb. La oss sjå på nokre døme:

Diplom-Is

Smørbukk frå Diplom-Is. Foto.

I Diplom-Is kan det overordna målet vere å utvikle den beste iskremen i Noreg. I så fall må alle dei tilsette ha si oppgåve for at bedrifta skal nå det målet:

  • Nokon tek seg av produktutvalet og utviklar nye iskremprodukt.
  • Nokon syter for at den tekniske delen av produksjonen går som han skal.
  • Nokon syter for at det er heilt reint i fabrikken, slik at iskremen ikkje blir øydelagd.
  • Nokon utviklar reklame som informerer oss forbrukarar om kva for nokre typar iskrem Diplom-Is har.

Gym Club

På Gym Club i Oslo har dei kanskje som målsetjing å vere det beste treningssenteret i byen? Også her må dei tilsette ha ulike oppgåver for at bedrifta skal nå målet:

  • Nokon utviklar gruppetreningstimar.
  • Nokon jobbar i resepsjonen med å hjelpe kundar.
  • Nokon syter for at treningsapparata på senteret har høg kvalitet og er i topp stand.
  • Nokon jobbar som personlege trenarar.
  • Nokon syter for at senteret er ryddig og reint.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale