1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. ÅndelegheitChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Åndelegheit

Kva inneber det å ha ei anna verkelegheit å rette seg etter? Kva betyr det å vere religiøs, i kvardagen? Korleis kan ein personleg oppleve noko åndeleg?

Kvinne ber i solnedgang. Foto.
Bøn finst i ei eller anna form i dei fleste religionar og er eit uttrykk for åndelegheit og kontakt med det guddommelege.

Før du lyttar til podkasten

  1. Skriv ned nokre stikkord om ulike måtar ein kan få kontakt med det åndelege på.
  2. Kva er forskjellen på ein person som er religiøs og ein person som er åndeleg/spirituell? Er det eigentleg det same?

Innhold mangler.

Transkribering av podkasten Åndelighet

Åndelegheit – transkribert

Y: Yuhashinee

I: intervjuar

AK: Ann Kristin

I: Yuhashinee er 20 år gammal og hindu, med Shiva som hovudgud.

Y: Eg snakkar med Gud kvar dag og har opplevd at Gud har hjulpe meg ut av mange vanskelege situasjonar.

I: Ann Kristin er 43 år og medlem av Den norske kyrkja.

AK: Eg opplever Gud som ei usynleg verkelegheit, som eg har med meg.

I: Hva inneber det å ha ei anna verkelegheit å rette seg etter, kva betyr det å vere religiøs, sånn i kvardagen?

I: Kan du få kontakt med Gud?

AK: Ja, eg trur det. Det høyrest ofte rart ut for dei som ikkje opplever at dei får kontakt med Gud. Og det er ikkje sånn at eg går rundt i verda og har ein sånn kontinuerleg ..., ja, som å ha på Facetime eller mobil, og liksom heile vegen ha ein pågåande kontakt. Men, eg trur at Gud er der heile tida, sånn at det er ei oppleving, og at det er ei usynleg verkelegheit som er ein slags del av livet mitt.

I: Du har med deg ein slags kjærleik når du går rundt i verda, og det er den du møter verda i, på eit vis?

AN: Altså, det eit slags fundament, eit slags grunnlag i livet. Som er ein slik fin ting, ei god erfaring. Somme gonger kjenner eg det tydeleg og tenkjer over det: ’Wow, eg er meg, faktisk. Eg er elska og anerkjent og villa: Eg er ein ønskt skapning av Gud’. Det er ein sånn fin ting, og det kan vere ei overveldande og sterk oppleving av og til. Men stort sett er det eit slags trygt golv i livet.

Y: Eg tenkjer at Gud er ei kraft som er inni meg, og i alle andre. Så når eg snakkar med meg sjølv, så tenkjer eg at eg snakkar til Gud, som er inni meg. Og då får eg mot – og krafta til å gjere alt i kvardagen.

I: Har du snakka med Gud i dag?

Y. Hehe, ja, det har eg. Eg pleier å snakke til Gud uansett kva eg skal gjere, før eg skal gjere ting. I alle fall når eg skal gjere noko nytt. Det her er jo veldig nytt for meg, så då har eg bedd til Gud før eg kom hit og mens eg sat der ute.

I: Å, det liker eg så godt – at du og Gud har snakka om denne podcasten her i dag! Det er så fint. Korleis snakkar du, kva gjer du då?

Y: Nei, då berre seier eg; ’Gud, eg skal gjere dette, og då må du hjelpe meg med å gjere det rette og gi meg styrken til å komme meg over det’.

I: Opplever du at du får svar?

Y: Eg får i alle fall eit svar i form av at eg får mot til å gjere ting. Eg føler meg sterkare, eg føler at eg har nokon som er ved sida av meg. Og då når vi ber, så pleier ein først å be til seg sjølv, sånn: ’Gud, du må hjelpe meg med det her, du må velsigne meg, gi meg mot og styrke til å utføre ting’. Og så går ein gjerne over til familie og nære slektningar: ’Du må velsigne familien min, vi må vere sterke saman’, til dømes. Og så går ein gjerne ut i samfunnet, og til slutt heile verda. For du tenkjer at: ’Eg er ein del av familien min, familien min er ein del av samfunnet, og samfunnet vårt er ein del av heile verda’. Så alt heng jo saman – viss verda går igjennom noko dumt – så vil det på ein måte påverke meg som eit individ også. Så då seier ein: ’Ja, det må vere fred på jord, hjelp alle menneske med å utføre handlingane dei treng hjelp med’, og så vidare.

I: Kva er det som er det viktigaste i den kontakten for deg?

Y: Det er ikkje alltid ein kan snakke om alt med ein ekte person på ein måte, fordi ein tenkjer: ’Ok, kva er det den personen tenkjer om det?’, eller noko sånn. Men når du har ein inni deg på ein måte, ein gud, som du snakkar konstant til, så får du på ein måte ut alt det du har på hjartet og i tankane. Og på same tid så er det ingen som kan dømme deg, du får berre hjelp og styrke. ’Ok, då har eg sagt det’, ok, då føler eg meg litt sterkare, og at eg har nokon som kan hjelpe meg’.

I: Ann Kristin, kontakten med Gud kan beskrivast som ei oppleving av å vere elska, seier du, er det noko du kan gjere for å kjenne ekstra på den kontakten?

AK: Eg tenkjer at stille, det å liksom falle til ro og bli stille; det er eit sjakktrekk. Fordi viss eg sit på mobilen og surfar og sjekkar ting, så er eg oppteken av det. Då er det ikkje stille inni meg, og det må nok eg vere for å kunne føle det, oppleve det.

I: Eg har ikkje opplevd den kontakten som du beskriv, og eg synest jo at det høyrest utruleg fint ut, liksom eg vil også ha dette her. Eg vil også ha det synet på verda, eg vil også ha den grunnmuren inni meg, men på same tid så følast det nesten litt sånn: Eg kunne ønskje at eg hadde blå auge, men det har eg ikkje.

AK: Eg tenkjer at du er ein av mange som har det sånn. Eg kan godt forstå korleis det er å ha det sånn. Gud er ein usynleg og ukjend gud for mange, og på same tid så synest eg det er utruleg kult sagt – sånn som ein som heiter Paulus – han var ein gong i Athen og snakka med Athenarane som møttest oppe på ein plass som heiter Areopagos, oppe på Akropolis, der oppe på ein haug. Der var det nokon som hadde sett opp eit alter der det stod: ’til ein ukjend gud’. Dei hadde så mange gudar, og så hadde dei også eit alter for ein ukjend gud. Og så sa Paulus at ’det er Han eg snakkar om’, og ’Gud er ikkje langt borte frå éin einaste ein av oss, for det er i Han vi lever, og rører oss, og er til’, seier han. Denne guden omgir oss alle, og viss eg trur det då, så tenkjer eg at Gud er tilgjengeleg for alle. Og ein kan søkje Gud, ein kan prøve å få kontakt med Gud på ulike måtar. Ein kan anten oppsøkje stader eller miljø der det er andre folk som gjer det, eller ein kan lese bøker, men eg trur nok mest av alt det handlar om eit slags ønske, då. Eg trur jo at Gud er der heile tida, og eg trur at, utan at eg veit korleis det er for deg, så tenkjer eg at Gud er som ei mor som står usynleg der og ventar med opne armar. Og då er det på ein måte ikkje noko anna å gjere, enn å gå imot dei opne armane. Og det kallar vi kristne for nåde. Det er Gud som ventar, som er kjærleik, den ytste kjærleiken, den ytste aksepten av oss menneske – ventar på oss.

I: Er det mogleg å trene opp evna til å få kontakt med Gud, eller er det berre sånn at om ein kan vere open for det, så er Gud der? Kva tenkjer du om det?

Y: Vi i hinduismen seier at Gud er i alt og alle, så viss ein er open for det, så vil eg tenkje at då vil ein skjøne kva den andre meiner. Til dømes: For andre kan dei tenkje at eg snakkar med Gud når eg er på veg til ting, at det kan vere rart, at du berre snakkar med deg sjølv. Men det handlar jo om tankar og kva ein sjølv trur – så viss eg trur at eg snakkar til Gud – så tenkjer eg jo at eg gjer det. Viss den andre personen, eller viss nokon andre også tenkjer det same, ’ok greit, no skal eg snakke med Gud’ og faktisk snakkar, så vil det vere det same. Det er ikkje noko ein kan trene seg opp til: Ein treng ikkje bli noko betre for å snakke med Gud, du er deg sjølv, og Gud godkjenner deg som den du er.

I: Så viss eg tenkte at: No vil eg det, så kunne eg gjere det? Og så kunne eg på ein måte få snakke med din gud?

Y: Jaja, ein treng ikkje noko spesielt språk eller noko sånt. Gud, som er over alt saman, er over språket også, han skjønar alt det du seier. Det er tanken din som gjeld.

I: Er det noko spesielt du kan gjere, for at den praten skal komme tydelegare i gong, på eit vis?

Y: Mhm, det ein seier at Gud liker, er når eg vier meg sjølv til Gud. Det er sånn at eg berre: ’Eg er din’, på ein måte. ’Berre hjelp meg, eg er som barnet ditt, eg treng di hjelp’. Og eg berre gir meg, som om eg legg meg flat, til Gud. Så føler eg at då vil han gjere alt for å hjelpe deg, for eg berre tenkjer at alt er i hans hender, på ein måte. Og eg kan gjere noko smått som å gi han ofringar, gi han det han liker – til dømes blomar eller litt mat, eller noko sånt. Og Gud er jo eigentleg overalt, han treng jo eigentleg ingenting, men eg berre gjer det sånn at eg skal føle meg lykkeleg, som at eg skal takke han då, på ein måte. Den beste ofringa nokosinne, er jo deg sjølv eigentleg. Som når eg gir hjartet mitt til han, så er det meir enn nok for han eigentleg. Men ein kan gjere andre ting også.

I: Du er med i Bhakti-rørsla, kva betyr det?

Y: I Bhakti-rørsla så er det ein veg mot frelse for å oppnå Gud på. Og då er det ’oppofringa sin veg’. Det er ein av dei tre vegane for å oppnå frelse. I denne vegen så er det sånn at du kan førestille deg Gud på den måten du vil: Eg kan førestille meg han som barnet mitt, der er det til dømes Krishna- rørsla som kjem inn. Eller som forelderen min, bestevenen min, venninna mi, eller den eg måtte trenge, der og då.

I: Eg forbind kanskje hinduismen også med meditasjon, har det noko med dei vegane å gjere også?

Y: Ja, det er på ein måte ein annan veg: ’Kunnskapens veg’ kjem det inn i. Og når vi seier at Gud er i alle og alle andre, så tenkjer vi jo at Gud er i deg også, og når du går inn i deg sjølv og finn ut kven du faktisk er, så finn du på same tid ut kven Gud eigentleg er. Og det er då meditasjon kjem inn. Meditasjon handlar om at du går inn i deg sjølv og leitar etter kven faktisk du er. Eg er Yuhashinee, eg er ei kvinne, men kven er eg eigentleg?

I: Sånn som i dag då, at du får hjelp med å vere her, gjer då den opplevinga du har når du er her –er det på ein måte eit bevis på at du har rett, på at du er på rett veg?

Y: Ja, det eg ba til var: ’Gud, du må komme inn i meg og snakke for meg’, og då føler eg somme gonger at eg ikkje tenkjer over kva eg seier. Tankane fell på plass saman, og eg klarer å svare noko fornuftig. Så då tenkjer eg: ’Ok greit, då har Gud hjulpe meg på ein måte’.

I: Når ein les om religionar, så kan ein jo somme gonger få ei oppfatning av at religion først og fremst er ein institusjon med faste ritual og reglar eigentleg. Men for deg personleg, handlar religiøsiteten mest om kjensler og opplevingar på innsida, eller er det desse ytre tinga som er viktigast?

Y: Nei, for meg vil eg seie at religion handlar om kjensler og eins eigne personlege erfaringar, og kva ein sjølv tenkjer. I hinduismen så har ein eigentleg ikkje nokon klare reglar på kva du må vere eller kva du skal gjere. Men vi har alternativ der du kan velje sjølv kva du vil følgje. Vi har ’dette bør du gjere’, ’dette kan du gjere’, det er meir slik det står skrive i hinduismen. ’Du bør ikkje drikke alkohol’ til dømes, eller ’du bør ikkje skade andre’. Fordi, til dømes med karma: Det er her alt kjem inn. Det du gjer mot andre, vil du få attende, uansett kva du gjer. Du kan gjere noko godt, det får du attende. Du kan gjere noko vondt, og då får du det attende.

AK: Det du stiller opp mot kvarandre, det er anten dei ytre rituala eller det indre livet då, det som på ein måte går føre seg på innsida. Og då er det – det som føregår på innsida. Det er på ein måte ulike lag då kanskje, av kjensler. Det som ein kanskje kan kalle for erkjenning. Og noko som ligg djupt og noko som du – eit fundament – du trur på. Sikkert fordi at eg er i den lutherske tradisjonen, så tenkjer eg at den erkjenninga og den trua og det personlege forholdet mitt til Gud, det er det sentrale. På same tid så oppdagar den lutherske tradisjonen min stadig meir at ritual og praksis ikkje var så oppskrytt som ein har ofte har trudd. Ein har tenkt at ’det treng vi ikkje, nei, vi er frie’, og ’vi kan berre gjere det som vi føler’, og vi har ikkje plikt til å verken å be så mange gonger om dagen, eller plikt å gå i kyrkja, det kan vi gjere når vi vil. Mange har merka at: ’Nei, vi treng ein slags rutine’. Det er jo noko som funkar, folk i heile samfunnet liksom oppdagar: Oppdagar at kroppen er viktig, vi oppdagar at rutinar er viktige. Det er fint å liksom praktisere eitt eller anna som gir oss noko. Og det oppdagar lutherske kristne òg. Og det har gjort at vi stadig har blitt meir opptekne av til dømes tidsbestemte bøner, å be fleire gonger om dagen, faste bøner. Bordbøn, å gå til gudsteneste, liksom gjere forskjellige ting. Og sjølvsagt er det å praktisere ulike ting – det å vere oppteken av verda då, litt sånn aktivist. Det å vere oppteken av miljøet, vere oppteken av fattigdom. Sånne ting er òg ein del av det. Altså det er ikkje sånne konkrete små ritual, men det handlar på ein måte om handlingar i verda.

I: Korleis hadde det vore med eit liv utan Gud?

Y: For meg så hadde det vore tomt. Eg har i heile livet mitt hatt Gud i tankane mine på ein måte, og eg har alltid trudd på Gud. Og når eg plutseleg ikkje skal gjere det, så ... Det er ikkje noko eg kan klare, på ein måte. Eg kjem til å gjere det automatisk. Det å snakke til Gud, eller det å be til Gud, det gjer eg automatisk no. Eg tenkjer ikkje over at eg snakkar til Gud når eg gjer det lenger, det berre fell meg automatisk. Så eit liv utan Gud hadde vore veldig rart for meg, veldig tomt, og eg kan eigentleg ikkje forklare eller beskrive det.

Etter du har høyrt på podcasten

  1. Korleis beskriv Ann Kristin og Yuhashinee opplevingane sine med Gud?
  2. Korleis definerer dei Gud?
  3. Kva seier dei om moglegheita til å trene opp evna til å få kontakt med Gud?
  4. Kva seier Yuhashinee om Bhakti-rørsla?
  5. Kva seier Ann Kristin om nåde i kristendommen?
  6. Kva handlar religiøsitet mest om, ifølgje Yuhashinee og Ann Kristin?
  7. Skriv ned ei kort liste over dei viktigaste likskapane og forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege.

Refleksjonsoppgåver

  1. Kva kan vere årsakene til forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege? Bruk gjerne forkunnskapane dine om kristendom og hinduisme når du forklarer.
  2. Trur du begge opplever det same fenomenet, eller er forskjellane så store at dei ikkje kan samanliknast? Grunngi svaret ditt.
  3. Kva betyding har det om ein har eit innafråperspektiv eller eit utanfråperspektiv når ein skal svare på spørsmål 2? Treng det å ha noka betyding?

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.