Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. Konvertering ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Konvertering

Konvertering vil seie å gå frå ei religiøs tilhøyrsle til ei anna, men kan også brukast om det å bli religiøs og slutte seg til ein religion.

Mann med blå hud og langt svart hår og gullkrone som held ei fløyte og kvinne kledd i grønt med gullkrone. Måleri.
Krishna og Radha

I podkasten nedanfor møter du Gustav. Som 18-åring blei han ein del av Hare Krishna-rørsla (ISKCON). Han hadde ingen religiøs bakgrunn. Hare Krishna-rørsla byggjer på ein hinduistisk tradisjon og reknar Krishna som Gud.

I oppgåva skal du jobbe med å utforme og teste hypotesar. Er du usikker på kva ein hypotese er, og korleis du testar ein hypotese, kan du lese meir om det her: Hypotetisk-deduktiv metode.

Oppgåve 1: Før du høyrer podkasten

Kva trur du skal til for at ein vanleg norsk ikkje-religiøs gut skal totalt forandre synet sitt på verda og bli med i Hare Krishna?

  1. Kva slags situasjon trur du Gustav må ha vore i for å vere mottakeleg for ei slik endring? Formuler ein hypotese.
  2. Kva trur du medlemmene av Hare Krishna-rørsla gjer for å få folk som Gustav til å tru på det dei sjølv trur på? Formuler ein hypotese.
  3. Kva for dimensjonar ved Hare Krishna-rørsla trur du er viktigast for at Gustav skal endre verdsbiletet sitt? Lag ei rangert liste med det du tenkjer er viktigast øvst:

    • Det læremessige/filosofiske (gudetru, verdsbilete og menneskesyn)
    • Det rituelle (religiøse handlingar)
    • Religiøse/åndelege opplevingar (kontakt med Gud, åndeleg utvikling)
    • Det sosiale (fellesskap, sosial organisering)
    • Det mytiske (forteljingar frå dei heilage skriftene)
    • Det etiske (kva som er rett og gale, eller godt og vondt)
    • Det estetiske (musikk, dans, kunst)

Oppgåve 2: Mens du høyrer på podkasten

Noter ned ting du meiner vil vere relevant for hypotesane dine.

Programleiar Marthe Sveberg. Produsert for NDLA av Moderne Media.

Transkribert versjon av podkasten Konvertering

Konvertering – transkribert.

G: Gustav

I: Intervjuar

G: Eg var som dei fleste andre gutar. Eg spelte fotball, og drog på fest og hadde det moro. Men ein dag, då eg var på veg til polet, møtte eg ein munk, som skulle forandre livet mitt.

I: Kva er det som får ein ung mann på 23 år til å slutte med alkohol, slutte å ete kjøt, slutte å ha sex, og i staden vie fleire timar kvar dag til Gud? Det er fem år sidan Gustav blei ein Hare Krishna, men kvifor blei det sånn? Og korleis er det?

I: Korleis vil du beskrive deg sjølv, før du blei religiøs?

G: Eg vil beskrive meg sjølv som ein ganske vanleg gut, som gjorde vanlege ting. Oppteken av fotball og fest, vanlege greier eigentleg. Eg hadde ikkje noka spesiell tilhøyrsle verken den eine vegen, eller den andre. Eg er ikkje døypt, og er konfirmert borgarleg. Ikkje noko spesiell tilknyting. Gjekk ikkje i kyrkja på søndagar, det var kanskje berre til jul med skulen og sånne ting, men eg følte alltid at eg hadde ein viss respekt for religion. Eg var ikkje imot det, men eg hadde ikkje nokon kunnskap eller noko erfaring med det.

I: Og ikkje noko oppleving av at det var nokon gud heller?

G: Nei, eg hadde kanskje tenkt på det, men ikkje noko sterk overtyding.

I: Det var etter vidaregåande dette her, på veg inn i vaksenlivet, korleis var den vegen – var han klar for deg, visste du kva du ville og kven du var, og alt det som ein held på med?

G: Nei, eg gjorde vel kanskje ikkje det. Etter skulen jobba eg litt og tok meg nokre friår og sånne ting, men det var nok mange ting som eg gjerne skulle ha visst på førehand, før eg tok hand om vaksenlivet.

I: Kva slags ting var det som gjorde deg i tvil?

G: Eg skulle kanskje vore flinkare til å rydde rommet mitt og lage mat sjølv og betale rekningane og sånne ting – det var litt overgang.

I: Følte du deg ikkje helt skikka for den nye fasen? Kor nøgd vil du seie du var då, var det liksom godt på innsida, eller var det mykje som gnaga?

G: Nei, det var vel begge delar. Som alle andre så opplevde eg opp- og nedturar, eg vil ikkje tru at eg skilde meg noko ut frå andre, slik sett.

I: Så plutseleg ein dag, så skjedde det noko i livet ditt, eigentleg heilt tilfeldig. Kva var det som skjedde?

G: Vel, det var 16.mai 2014, og eg var på veg til vinmonopolet, for eg skulle vel ha litt vin til dagen etter då, som var 17.mai. Så gjekk eg nedover Grünerløkka, og på vegen der møtte eg ein munk. Denne munken var veldig hyggeleg og smilte til meg, og sa at ’du såg ut som ein bra mann’. Så blei eg litt smigra og tenkte at eg skulle gi han litt merksemd, då, og høyre kva han har å seie. Og han hadde nokre bøker frå Austen, på ein måte hinduistiske bøker. Han fortalde litt om dei, og eg syntes han var veldig, veldig oppegåande, og syntes jo at dette var ganske interessant, då. Han hadde også nokre vener som sat i bakgrunnen og spelte litt musikk, det var eigentleg ein veldig hyggeleg atmosfære rundt han. Så eg lova at eg skulle – eg skulle først på vinmonopolet då (ler) – og så skulle eg ta ut 100 kroner, så skulle eg få den boka av han. Sånn starta det.

I: Kva var det du håpa den boka skulle gi deg svar på – var det ei kjensle som mangla, eller var det meir konkrete, eksistensielle spørsmål?

G: Ja, kanskje det. Det var jo liksom litt sånne absolutte svar, og store spørsmål og svar i den boka, det var i alle fall det eg trudde. Eg følte jo at det kanskje kunne vere noko sånt noko der. Eg har jo liksom sett munkar og sånn på film og har høyrt om det før, så eg hadde ei viss forståing av kva det kanskje innebar. Så eg var litt nysgjerrig og ville gjerne vite litt meir.

I: Og kva for konkrete spørsmål var det?

G: Nei, det er på ein måte sånne spørsmål som: ’Kor kjem eg frå?’, ’Kva er meininga med livet?’, ’Kva skjer etter vi døyr?’ Sånn type ting.

I: For dette høyrest jo veldig sånn kvardagsleg ut; ’Dette såg då veldig hyggeleg ut’. Var det eigentleg ikkje sånn; ’Åh, her trur eg verkeleg at eg kjem til å finne noko!’. Det var verkeleg meir sånn ’No ja, eg går på polet, og så kjøper eg den boka og les litt om det’? Skjønar du kva eg meiner?

G: Det var eigentleg litt sånn det starta. Det var ei god beskriving, eigentleg, ganske kvardagsleg. Det var sol og sommar, eller vår, då, eg hadde ikkje nokon planar om at eg skulle bli munk med ein gong eg såg han. Det var nok boka som gjorde det litt meir interessant for meg.

I: Kor mykje gjekk du med dei spørsmåla, då, var det noko som tok stor plass i livet ditt? Eller var det meir sånn: ’Ja, det hadde vore hyggeleg å vite det’?

G: Ja, eg ville ikkje sjå på meg sjølv som ein sånn filosof då eg var liten, liksom, men eg har alltid tenkt litt på dei spørsmåla. Eg trur på ein måte at dei spørsmåla har vore der, og liksom dukka opp titt og stadig. Det er på en måte relevante spørsmål for meg, som eg hadde.

I: Du kjøpte den boka, kva skjedde så?

G: Den boka blei liggjande hos meg 17.mai, då tenkte eg ikkje så mykje på ho. Men etter det, så tok eg ho opp og begynte å lese ho, og eg syntes ho var ganske interessant. Eg blei litt oppslukt av ho. Eg følte at ho ga svar på ting som eg ikkje hadde fått svar på før, eller andre stader. Og det var på ein måte om ting som eg ikkje hadde høyrt om, eigentleg. Som det stod i boka, så har vi ei materiell verd, og så er det ei spirituell verd. Og vi er i den materielle verda, og vi kan komme i kontakt med den spirituelle verda no, og vi kan dra dit etter døden. Og i den spirituelle verda så er alt evig, mens i den materielle verda er ting forgjengelege, då. Det gav meg på ein måte avlasting.

I: Og kva var det i den spirituelle verda, som var så bra? Sorry at eg stiller så dumt spørsmål, men eg skjønar jo ikkje kva som skjer der, i den spirituelle verda.

G: Nei, det er jo litt mystisk. Ein må kanskje lese litt og få litt informasjon om kva er det eigentleg betyr. Du kan seie det er lyset, og det er dei fine tinga og på ein måte dei reine tinga. Det er ikkje død, det er ikkje øydelegging og sånt, og det syntest eg var veldig fint.

I: Og det er den verda ein kan få kontakt med, også når ein er her i den materielle verda?

G: Det trur eg. Eg følte eg blei mindre stressa med ein gong eg las, og begynte å tru på dei tinga. Då var ikkje det så viktig. Det endra fokuset litt frå dei tinga til andre ting.

I: Kor viktig var dei syngjande, hyggelege munkane, det å dele desse spørsmåla, og denne trua?

G: Ja, eg synest jo at det var veldig fint å komme til, ikkje berre ein visdom, men også ei samling med menneske som var entusiastiske og glade og på ein måte tok meg inn, litt sånn utan at eg nødvendigvis hadde fortent det. Og det var også ein morosam aktivitet å gjere – å syngje og danse og spele instrument, og så var det jo nytt og spennande. For det er jo ein litt annan kultur, det er på ein måte litt spesielle trommer, og litt spesielle klede og mykje fargar og litt sånne skulpturar rundt omkring, og røykjelse og sånt. Det syntest eg også var veldig morosamt.

I: Nokon seier at dei den eine dagen var den heilt vanlege, gamle seg sjølv, og så var det nesten som eit lynnedslag, så kjende dei liksom at ’no er Gud her’. Var det sånn for deg?

G: For meg så var det vel ein litt gradvis prosess. Der kor jo meir eg las, jo meir eg mediterte, jo meir begynte eg å tru. Det var ikkje for meg eit sånt lynnedslag, men eg måtte ta nokre val. Der kor kanskje boka seier at her må du tru viss du skal gå vidare, så må ein kanskje overgi seg til det, og så på ein måte auka trua mi.

I: Kva var det som gjorde det, var det nokon opplevingar eller var det at orda gav meining, eller kva var det som gjorde at du heile tida bevegde deg mot –?

G: Orda ga veldig mykje meining for meg, eg følte at ho (boka) samtykte litt når det gjeld mange av dei tinga eg trudde frå før av òg, og opplevingane gav på ein måte ein inspirasjon til å fortsetje. Fordi det var veldig spennande, og eg tenkte også at når folk er så hyggelege og greie og så glade, så kan det kanskje ikkje vere så gale? Det resonnerte meir med ting eg følte, meir enn kanskje eksakte ting. Eg følte at det passa meg veldig godt. Det passar meg veldig fint at sjølv om kroppen min døyr, så døyr ikkje eg, det synest eg høyrdest veldig bra ut. Så det er kanskje på eit meir overordna nivå, at eg følte at dei tinga passa meg, enn reint eksakte ting. Det var eksakte ting også, som til dømes – eg hadde ein tanke om at kanskje det finst – i forskjellige religionar kallar ein det forskjellige ting; englar og liknande. I norrøn mytologi så har du Thor og Odin og sånt, så eg tenkte at det finst kanskje høgare makter, og det bekrefta den boka, at det finst.

I: Var det ein sånn augeblink, der du tok skrittet: ’No blir det sånn’, ’No kjenner eg meg sikker på dette her’?

G: Det var vel fleire gongar, faktisk. Undervegs har eg måtta ta fleire val som kanskje har vore litt vanskelege. Men som eg har vore nøgd med, også seinare. Og det kan jo vere val som der kor eg måtte gi avkall på ting. Eitt av dei første vala eg tok, var å bli vegetarianar. Og det stod det, då, at ein burde bli vegetarianar, det var veldig bra. Så tenkte eg: ’Ok, skal eg bli vegetarianar?’, ’Aldri ete kjøtt igjen?’. Det er ganske digg då, å ta ein burgar, eller ete noko god pasta med kjøttbollar, eller sånne ting. Men så tenkte eg: ’Ok, eg tar sjansen, så prøver eg på det’. Så har eg klart det sidan, og no er det snart fem år eg har vore vegetarianar.

I: Er det andre store augeblinkar, der du har valt?

G: Ja, til dømes alkohol, då, det stod også i bøkene at det er kanskje ikkje så bra med alkohol heller, med tanke på meditasjonen og så vidare. Og det er jo eit val som eg har måtta ta fleire gonger, for det var litt vanskelegare for meg å gi opp akkurat det. Eg prøvde først, og så gjekk det ei stund og så får ein litt tekstmelding av kameratar: ’Skal du vere med på fest?’, ’Ok, eg kan bli med på fest, men eg skal ikkje drikke’. Og så: ’Ok, eg kan ta meg éin øl, då’, (I ler) og så plutseleg så blir det eit par øl, da.

I: Men er det greitt, då, eller må du gå og seie unnskyld til nokon, korleis er det?

G: Nei, eg føler ikkje at – det kan jo kanskje vere greitt å beklage nokre gonger, viss eg har vore på fylla eller noko sånt – men eg føler ikkje at det er så viktig for meg. Viktigare for meg er kva eg gjer no.

I: Kva er dei store forskjellane på kvardagen din, før og no? Heilt sånn praktisk, korleis er kvardagen din i Hare Krishna?

G: Han er på mange måtar meir strukturert. Eg prøver å stå opp tidleg kvar dag, leggje meg i rimeleg tid, prøver å få til litt meditasjon og gjerne litt lesing før eg drar på skulen eller gjer dei tinga eg skal gjere. Det er å ha ein kontakt med åndelege folk, eller folk som er interesserte i spiritualitet og sånne ting. Og å dra på regelmessige samlingar, sånn på søndagar til dømes, og syngje og chante. Og den største forskjellen er kanskje det som skjer på innsida: at fokuset er forandra.

I: Kva er det trua har gitt deg, då?

G: Ho har gitt meg mange ting. Ho har gitt meg ei meining med livet, som eg ikkje fann før. Og ho har gitt meg nye tankar om ting rundt meg.

I: Korleis då, til dømes?

G: Eg trur gjennom meditasjon og filosofi, at eg har klart å endre synet mitt på ting og situasjonar, og kanskje eg har litt lengre lunte no enn før.

I: Kva er den største forskjellen på deg som person?

G: Nei, kanskje litt meir pliktoppfyllande enn eg var før. Litt meir strukturert. Litt meir påliteleg, kanskje. Eg veit ikkje, det er kanskje litt vanskeleg for meg å bedømme sjølv, eigentleg. Eg har jo ikkje blitt ein annan person, eg er jo framleis den same som eg var før.

I: Vil du seie at du levde livet feil, før du blei ein Hare Krishna?

G: Kanskje ikkje heilt feil, men viss det er mogleg å seie: kanskje delvis feil. Eg ønskte jo gjerne å oppnå før også, glede og gode relasjonar og sånne ting, men eg trur kanskje at eg leitte etter det på ein litt feil måte.

I: Korleis har det vore for dei rundt deg?

G: Eg føler at eg har vore veldig heldig, for eg har ikkje møtt noko særleg motstand rundt meg. Verken frå familie – og det har vore veldig tryggjande at eg har sloppe å måtte forsvare meg så veldig. Så det har vore ganske heldig. Eg har mange av dei same venene som eg hadde før, og det går eigentleg veldig fint. Vi snakkar ikkje nødvendigvis alltid om desse tinga, men dei veit at eg gjer det eg gjer, og dei har respekt for det. Så det er veldig greitt for meg.

I: No vier du livet ditt i ganske stor grad til dette her, og belagar det du er og det du trur på, og korleis du lever – blir du nokon gonger redd for at du tek feil, at du blir lurt liksom?

G: Eg har ikkje følt det i så veldig stor grad, men av og til så tenkjer eg: ’Ok, denne vegen her er kanskje ikkje riktig å gå, denne vegen her er kanskje riktig å gå’. Så noko tvil er det der, men eg føler eg kan bruke den tvilen til ei nytte, da.

I: At då kan du lese litt meir eller leite litt meir på innsida, eller?

G: Ja, eller så kan eg snakke med familien min, eller snakke med vener, som på ein måte også er på utsida, men som eg har tillit til. Og eg kan høyre litt på dei også, og det har eg merka at det har gitt meg mykje: å snakke med vennar og familie om sånne ting.

I: Ja, kva er det det hjelper med?

G: Det er på ein måte som å snakke litt med ein tredjepart, der kor ein får synspunkt frå ei anna side. Og eg trur det kan vere veldig nyttig å sjå ting litt frå utsida av og til, også. Ein blir kanskje litt ’teken med’ og sånn, i det ein held på med, og så klarer ein ikkje heilt å ha eit objektivt syn på det.

I: Livet ditt har teke ein veldig annan veg, enn det det kanskje kunne sjå ut som 15. mai 2014. Kvifor blei det dette her for akkurat deg, trur du?

G: Nei, eg trur det var kanskje litt flaks. Nokon gav meg eit godt tilbod og eg følte det tilbodet var for godt til å seie nei til. Det har kanskje litt med timing å gjere, og personlege preferansar og sånt. Ei blanding av fleire faktorar. Både dei eksisterande Hare Krishna, som ga meg moglegheita, og meg personlig, og også kanskje omgivnadene: I Noreg så er det jo rom for å praktisere på den måten, og tru kva ein vil. Og det er også ein støttande faktor til at eg tok dei vala eg tok.

I: Kor viktig var den staden du var på i livet, at du var i ei sånn bryting?

G: Ja, det trur eg er viktig. Eg budde aleine, hadde ikkje nokon forpliktingar sånn sett, eg gjekk ikkje på skule på den tida, så det var ein periode i livet mitt der eg hadde ganske mykje fridom. Og då brukte eg han på den måten, og det er eg veldig glad for.

I: Det er her du vil vere i livet?

G: Ja.

Oppgåve 3: Etter at du har lytta til podkasten

  1. Gå systematisk gjennom hypotesane frå oppgåve 1 a og b og vurder om du fikk dei bekrefta eller avkrefta gjennom Gustav si historie.
  2. Sjå på lista du sette opp i oppgåve 1c. Er det noko du vil endre på i denne lista etter at du har høyrt Gustav si historie?
  3. Kva overraska deg mest ved Gustav si historie?
  4. Gustav si historie vil sikkert i nokre tilfelle stemme godt med hypotesane du har sett opp, mens ho i andre tilfelle stemmer dårleg. Kva betyr det for ein forskar når ein hypotese blir bekrefta eller avkrefta?
  5. Når ein fortel om seg sjølv har ein ofte ein tendens til å konstruere ei historie som er samanhengande og logisk, og som passar godt med den ein er no. I kva for grad trur du at du kan stole på Gustav si historie?

Oppgåve 4: Konklusjon

  1. Skriv ein konklusjon på 3–4 setningar som summerer opp korleis Gustav si konvertering føregjekk og kva som var dei viktigaste årsakene og drivkreftene bak denne prosessen.
  2. Du har no høyrt berre éi historie om konvertering. Andre historier kan vere heilt annleis. Kan likevel Gustav si historie vere nyttig for å få ei betre forståing av kva konvertering er? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.