Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
  5. Etisk dilemma – My Sister's KeeperChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Etisk dilemma – My Sister's Keeper

Når dottera får blodkreft, bestemmer foreldra (Cameron Diaz og Jason Patric) seg for å få eit nytt barn. Dei håpar at det nye barnet, med organa sine, kan redde den sjuke dottera frå ein altfor tidleg død.


Oppgåver til den første delen av filmen

Sjå dei første 23 minuttane av filmen My Sister's Keeper, fram til 22.32, og svar på oppgåvene under.

  1. Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar står i konflikt med kvarandre. Kva for dilemma står Anna og foreldra hennar overfor i denne filmen?
  2. Kva for moralsk ansvar har Anna og Kate overfor kvarandre, og kva for moralsk ansvar har foreldra overfor dei? Grunngi svaret.
  3. Når ein diskuterer etiske dilemma, er det viktig å kartleggje dei viktigaste sidene ved saka. Kva tenkjer du er viktigast? Ranger dei følgjande punkta på ein skala med det viktigaste først og det minst viktige sist.

    1. Kate sin fridom til å bestemme over sin eigen kropp
    2. alderen til Kate
    3. konsekvensane for Anna viss ho ikkje får ei nyre
    4. konsekvensane for Kate viss ho må gi frå seg ei nyre
    5. det moralske ansvaret Anna har overfor Kate
    6. det moralske ansvaret Kate har overfor Anna
    7. foreldra sine ønske og behov
  4. Ifølgje filosofen Immanuel Kant er det gale å bruke eit menneske berre som eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. I kva grad behandlar foreldra til Anna henne som eit middel for å gjere søstera frisk og ikkje som eit mål i seg sjølv? Meiner du at det var rett å designe Kate slik at ho kunne vere donor for Anna?
  5. Kva er konsekvensane av at foreldra i filmen medvite designar eit barn som kan brukast som donor for søstera? Er dei positive konsekvensane større enn dei negative, eller er dei negative konsekvensane størst? Grunngi svaret.
  6. Ifølgje Aristoteles og dydsetikken er det viktig å finne ein gyllen middelveg i moralske spørsmål. Diskuter om det er mogleg å finne ein balanse mellom behova til Anna, Kate og foreldra.

Når du har sett heile filmen

Sjå resten av filmen og skriv eit kort refleksjonsnotat som dekkjer punkta under:

  1. Korleis blir det moralske dilemmaet endra i løpet av filmen?
  2. Kva gjorde mest inntrykk på deg i filmen?
  3. Kva tenkjer du er det viktigaste denne filmen kan lære oss om etikk?

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter