Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Å setje pris på naturen

Ein ting er å setje pris på naturen, ein annan er å setje ein prislapp på han. Kva meiner du reint vatn er verdt? Kva ville du betalt for ein tur i skogen?

To ungdommer med ryggsekk på tur i skogen. Foto.
På tur i skogen

I undervisningsfilmen om Mennesket og naturen hevdar Sigurd Hverven at naturen har ein verdi i seg sjølv. Hans naturfilosofi handlar om at verda rundt oss består av ei heil rekkje aktive, levande, kreative vesen som ikkje berre er menneske, og at alle desse artane også har ei form for eigenverdi.

I eit samfunn prega av marknadsøkonomi og prioriteringar av verdiar og ressursar har nokon trekt fram argument som at naturen sin verdi bør verdsetjast i kroner og øre – for å understreke og tydeleggjere naturen sin verdi.

Oppgåve 1

  1. Diskuter med ein medelev: Kan ein setje ein pris på verdien naturen har, i kroner og øre?
  2. I tilfelle: Kva tenkjer de er verdien av reint vatn, urørt regnskog og økosystem som fungerer som dei skal?

Oppgåve 2

Lytt til utdraget frå radioprogrammet Verdibørsen der professor og miljøøkonom Ståle Navrud snakkar om korleis ein kan sjå på verdiar i naturen ut frå eit økonomisk perspektiv.

  1. Kva for argument blir brukte til å grunngi at det kan vere nødvendig å sette ein “prislapp” på naturen?
  2. Kva for motargument kan det vere?

Oppgåve 3

Diskuter i klassen: Er det moralsk rett eller gale å setje ein prislapp på naturen sin materielle verdi? Bruk etiske teoriar til å grunngi dei standpunkta de tek.

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter