Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. ReligionChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Victor Turner og fasane i overgangsritualet

Mange sosialantropologer og sosiologer har bidratt til forståelse av religiøse ritualer, og spesielt overgangsritualer. Her skal vi se nærmere på et av de viktigste bidragene.

Et fotografi av en konfirmasjon i Kautokeino.
Konfirmasjon kan sjåast som eit overgangsrite som markerer overgangen frå barn til dei vaksne sine rekkjer.

Tre fasar i overgangsrituala

Mange har lete seg fascinere av dei ulike overgangsrituala som finst rundt omkring i verda. Mange har også forska på dei, men ikkje alle har hatt like mykje påverknad som den skotske sosialantropologen Victor Turner.

På 1950-tallet studerte han, saman med kona si, ndembuane i det som i dag heiter Zambia. Som dei fleste antropologar var det ikkje berre eitt aspekt ved samfunnet som fanga interessa hans, men han fatta raskt interesse for ndebuane sitt rituelle liv og symbolbruk. Dette la på mange måtar grunnlaget for eit av dei viktigaste bidraga til korleis antropologar kan forstå og studere (religiøse) ritual.

Gjennom langvarige feltarbeid og intense studium såg Turner at ndembuane sine overgangsritual kunne delast inn i tre ulike fasar: åtskiljing, liminalitet og reintegrasjon. Fasane representerer forskjellige stadium i ritualet - frå byrjing til slutt. Turner følgjer i fotspora til den franske etnografen Arnold van Gennep, som også poengterte at ritual og overgangar kan delast i tre ulike stadium Teorien var med andre ord ikkje teken direkte frå Turner sitt eige hovud.

Åtskiljinga

I den første fasen (åtskiljinga) blir individet flytta frå det kvardagslege og vanlege over til noko anna. Han hamnar i ein tilstand som ikkje er daglegdags. Hvis vi tar kagurugutane sin overgang frå barn til vaksne menn som døme, skjer åtskiljinga når gutane må forlate landsbyen for å bu ute i skogen. Dei befinn seg no i en annen tilstand og på ein annan stad enn kva dei vanlegvis ville gjort.

Liminalfasen

Når brotet med det vanlege tilværet er eit faktum, trer individa inn i liminalfasen. Denne fasen blir kjenneteikna ved at personen på sett og vis står utanfor seg sjølv og samfunnet. Han er midt mellom den gamle og den nye statusen. Altså er han verken det eine eller det andre. I mange samfunn blir liminalfasen sett på som farleg. I dømet med kagurugutane er denne fasen tida mellom at omskjeringa skjer, og tida då gutane endeleg kan vende tilbake til landsbyen. I denne perioden blir dei mellom anna undervist om korleis ein god kaguru skal oppføre seg. Dette er kunnskap som er nødvendig viss dei til slutt skal kunne kalle seg for vaksne menn.

Uansett kor farleg liminaliteten verkar å vere, er han nødvendig for å "vaske bort" individet sin gamle status slik at han kan atterfødast som ein ny person. I nokre samfunn blir ein person som ikkje gjennomfører liminalfasen heller ikkje sett på som en skikkeleg person. Hos kaguruane vil ein gut som døyr rett etter omskjeringa ikkje få ei ordentleg gravferd. Han har rett og slett ikkje vore ein skikkeleg person. Sidan han døydde i liminalfasen, var han verken barn eller vaksen.

Reintegrasjonen

I den siste fasen - reintegrasjonen - vender individet tilbake som ein ny person. Han har gjennomgått ritualet, og overgangen har vore ein suksess. Hos kaguruane finner fasen stad når gutane vender tilbake til landsbyen. Dei har no døydd som barn og stått opp att som vaksne. Den nye statusen har blitt etablert.

Tenk over

Klarer du å plassere dei tre fasane i eit ritual du er godt kjend med?

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter