Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos pattedyr"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos pattedyr"

Gjennom desse oppgåvene ser vi nærmare på ulike aspekt av formeiringa til pattedyra både når det gjeld fosterutvikling og åtferd knytt til formeiringa.

Australsk maurpiggsvin. Foto.
Australsk maurpiggsvin er eit av få pattedyr som legg egg.
  1. På kva slags måte kan vi seie at dei mest primitive pattedyra har nære likskapstrekk med krypdyr og fugl?

  2. Morkake er det organet hos pattedyr som gjer at dyra kan ha lange indre svangerskap som igjen gir velutvikla, levandefødde ungar. På kva måte gjer morkaka dette mogleg?

  3. Pungdyr manglar eller har ei ufullkommen morkake. Korleis påverkar dette fosterutviklinga og yngelpleia hos desse?

  4. Embryo hos gris etter 33 dager omgitt av fosterhinnen. Foto.
    33 dagar gammalt embryo frå gris.
    Formeiringa til pattedyra er ikkje direkte knytt til vatn, men dei har utvikla seg slik at dei sørgjer for at behovet for fukt under befruktning og fosterutvikling er dekt. Korleis?

  5. Hos rådyr er det ikkje uvanleg med det som blir kalla "forseinka utvikling". Kva er det dei ønskjer å oppnå ved å forseinke utviklinga av fosteret?

  6. Mangel på genetisk variasjon er ein trussel både blant ulv og moskus. Kva kan det føre til, og kva er årsaka til at den genetiske variasjonen blir så liten? Kva kan gjerast for å motverke dette?

  7. I område med årstidsvariasjonar blir dei fleste ungane fødde om våren. Kvifor?

  8. Fjellrev. Foto.
    Det mest trua pattedyret vårt er fjellreven (Vulpus lagopus). Finn ut meir om kvifor han er utryddingstrua, og kva som blir gjort for å bevare han.

  9. Beveren lever i familiegrupper, men når ungane er i toårsalderen, forlèt dei familien. Kvifor er det viktig at dei dreg då, i staden for å bli i gruppa?

  10. Hos løver diar ofte løvinnene i fellesskap. Kva for fordelar kan denne åtferda ha?

  11. Bukk og simle i brunsttiden
    Bukk og simle i brunsttida.
    Hos mange pattedyr, slik som til dømes hjortedyr, er det kroppslege forskjellar mellom hannar og hoer. Kva trur du er årsaka til det?

  12. Finn ut meir om kurtise og brunst hos to–tre pattedyrartar.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter