Plante- og dyreceller har både likskapar og forskjellar i oppbygning. Lag eit enkelt mikroskoppreparat, og sjå nokre av desse.
(CC BY-SA)Sist oppdatert 08.07.2019
Hensikt
I dette forsøket skal du lage og studere preparat av ei dyrecelle og to ulike planteceller.
Du skal bruke mikroskop til å studere og samanlikne dei ulike celletypane. Sjå spesielt etter fasongen på cellene og på kva slags celleorganellar som er synlege.
Utstyr
skalpell
tannpirkarar
objektglas
tørkepapir
linsepapir
dekkglas
dropeteljar
mikroskop
lauk
fagermose
jodløysing (låg konsentrasjon)
Framgangsmåte
Overflateceller i munnhola
Epitelceller frå munnen før farging med jodløysning
Puss reint eit objektglass.
Dryp ein drope fortynna jodløysing på glaset.
Skrap forsiktig med den breie enden av tannpirkaren på innsida av kinnet.
Rør ut det som sit på tannpirkaren i joddropen.
Legg dekkglaset forsiktig på (sjå figur over). Tørk bort overflødig væske.
Studer preparatet i mikroskopet og teikn ei skisse av det du ser.
Sett namn på dei delane av cella som du ser.
Laukceller
Raudløkhud
Lauken er oppbygd av fleire lag med laukblad. Skjær ein bit av eit laukblad. Riv laus eit lite stykke av innerhuda (ca. 1 x 1 cm). Dersom laukbiten er så tynn at han er nærast gjennomsiktig, har du gjort rett. Du kan bruke ein skalpell, men det enklaste er å bruke naglane dine.
Dryp ein drope jodløysing (fortynna) på objektglaset.
Legg hudbiten forsiktig ned i joddropen. Hudbiten bør vere mindre enn objektglaset.
Legg på eit dekkglas (senk ned som i figuren over). Unngå luftbobler.
Tørk vekk overflødig væske.
Studer preparatet i mikroskopet og teikn ei skisse av det du ser.
Sett namn på dei delane av cella du ser.
Celler frå fagermose
Celler i torvmoseblad med vasslagring
Dryp ein drope vatn på eit objektglas og legg eit lite blad av mosen i dropen.
Legg dekkglaset forsiktig over. Unngå luftbobler.
Tørk vekk overflødig væske.
Studer preparatet i mikroskopet og teikn ei skisse av det du ser.
Sett namn på dei delane av cella som du ser..
Drøfting og konklusjonar
Kva for delar veit du at ei dyrecelle består av?
Kva for delar veit du at ei plantecelle består av?
Kva for nokre av desse delane kan du sjå i eit lysmikroskop?
Har du nokon fornuftig forklaring på at du ikkje kan sjå alt?
I kva for typar mikroskop kan ein sjå fleire detaljar?
Kva slags skilnader ser du mellom overflateceller, laukceller og fagermoseceller?
Mikroskopering er nyttig og lærerikt i mange samanhengar. Ein viktig føresetnad for å få slike positive opplevingar er at ein kan bruke mikroskopet riktig.
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.