Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
  5. Forsøk: OsmoseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Osmose

Tre petriskåler med løysning og dialyseslangar oppi. Foto.
Resultat etter fullført forsøk

Hensikt

I dette forsøket skal du påvise passiv transport av stoff gjennom ein halvgjennomtrengjeleg membran, og forstå retninga på transporten. Du skal også få erfaring med , og

Utstyr

  • Tre biter dialyseslanger. Foto.
    Dialyseslangene fylles og knytes i endene
    konsentrert sukkerløysning
  • konsentrert saltløysning/ hushaldssalt
  • stivelsesløysning eller potetmjøl
  • jodløysning (fargar stivelse mørk lilla)
  • dialyseslange
  • tre glasskar
  • trekt
  • vekt
  • vatn
  • merkelappar og sprittusj
  • hyssing (i tilfelle du ikkje får knytt sjølve dialyseslangen)

Metode/framgangsmåte

  1. Klipp tre remser, kvar på cirka 15 cm, av dialyseslangen.
  2. Fukt dei i vatn (gjerne rennande). Knyt igjen den eine enden, og opne den andre.
  3. Gjer klar tre kar med følgjande løysningar:
    • A – reint vatn
    • B – vatn og jodløysning
    • C – saltvatn
  4. Fyll dei tre ”pølsene” A, B og C med ulike løysningar. Bruk gjerne trekt. Eventuelt søl av sukker- eller stivelsesløysning utanpå pølsene må skyljast vekk før dei blir lagde i kara.
    • Pølse A som skal i kar A, skal vere halvfull med konsentrert sukkerløysning. Knyt igjen, veg pølsa, og legg ho i karet med reint vatn.
    • Pølse B som skal i kar B, skal fyllast med stivelsesløysning. Mengd speler inga rolle. Knyt igjen, og legg pølsa i karet med vatn og jodløysning.
    • Pølse C som skal i kar C, skal fyllast så full som mogleg med reint vatn. Knyt igjen, og veg pølsa før du legg ho i karet med konsentrert saltløysning.
    Tre dialyseslanger ligger i hver sin skål med ulike løsninger.
    Osmoseforsøk med dialyseslangar – forsøksoppsett.
  5. Dialyseslange med vatn på labvekt. Foto.
    Dialyseslangane A og C blir vega før og etter forsøket.
    Registrering av endringar kan skje allereie etter kort tid, men forskjellane blir tydelegare dersom du ventar ein dag eller to med å registrere resultata.
    • Veg pølse A og C. Rekn ut eventuelle endringar i gram og prosent.
    • Noter synlege endringar.
  6. Drøft resultata med utgangspunkt i bakgrunnsteorien. Kva feilkjelder kan ha påverka resultata?

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?