Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eukarya – planteriket (Plantae)

Plantane var dei første eukaryote organismane som erobra landjorda. Hovudårsaka til at plantane har hatt slik suksess, er at dei skaffar seg energirike samband ved å utnytte sollyset. Dette bana veg for dyra, som fekk mat, oksygen og ly av plantane.

Nærbilde av blåveisblomst. Foto

Plantar har fotosyntese og cellevegg av cellulose

Plantar er fleircella, eukaryote organismar. Plantane er relativt komplekse i form og utsjånad. Dei aller fleste plantane er autotrofe. Dei har organellen kloroplast som gjer det mogleg å nytte lysenergi til å binde kjemisk energi gjennom fotosyntesen. Opplagsnæringa til plantar er stivelse.

Plantane har i motsetnad til dyr ein cellevegg som består av cellulose. Saman med vakuolane utgjer celleveggen reisverket til planten.

Landplantane blir delte inn i karplantar og mosar

Dei første landplantane spreidde seg ved hjelp av sporar. Nokre av desse utvikla transportsystem (kar) og røter. Dei som ikkje gjorde det, kjenner vi som mosar.

Typiske eigenskapar hos mosar:

  • spreier seg med sporar
  • uekte røter (rottrådar)
  • opptak og utskiljing av stoff gjennom bladoverflata
  • kjønna formeiring

Plantane som utvikla karsystem blir kalla karplantar. Nokre av desse utvikla frø som spreiingsmetode.

Typiske eigenskapar hos karplantar:

  • ekte røter
  • transportsystem
  • både kjønna og ukjønna formeiring
  • bregnar, sneller og kråkefotplantar spreier seg med sporar
  • nakenfrøa og dekkfrøa plantar spreier seg med frø

Alle plantar som formeirer seg kjønna, har generasjonsveksling, der dei vekslar mellom ein haploid og ein diploid fase. Men det er fleire landplantar som formeirer seg ukjønna ved yngleknoppar, utløparar eller frøsetjing utan befrukting.

Grønalgane høyrer til planteriket

Glasskrukker med grønt innhold. Foto
Grønalgar kan bli ein viktig faktor i produksjon av mat og energi.

Algar er ei gruppe vasslevande organismar som både kan vere eincella og fleircella. Algane blei tidlegare plasserte i det oppløyste protistriket, men raudalgar, brunalgar og grønalgar blir i dag gjerne plasserte i planteriket på grunn av at dei er fotosyntetiserande.

Dei fleircella algane formeirar seg på mange måtar, men dei har generelt ingen strukturar som vernar formeiringsorgana på same måten som vi finn hos landplantane som treng vern mot uttørking

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter